Sport | 21. okt. 2017

Er det håp i Haugesund?

Korleis ser Haugesund 2-troppen ut i forhold til då dei tapte 8-0 i førre runde?

Er det håp i Haugesund?
Os og Haugesund 2 spelte 1-1 i begge kampane i år. No ligg dei to i nedrykksstrid. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. okt. 2017 09:40

Os håper på ein jamn kamp mellom Haugesund 2 og Stord nedrykksstriden i dag.

• Få oversikt: Dette skal til for at Os rykker ned til 4. divisjon

Sjølv spelte Os nyleg 1-1 borte mot eit Haugesund 2 prega av 9 A-lagsspelarar, Sandvik, Anthony, Bjørkkjær, Mæland, Kling, Velde, Ihedi, Ibrahim og Kovacevic har til saman 120 A-lagskampar dei to siste åra.

Stord er nærmast å ta Os igjen, og Haugesund 2 tapte 0-8 for Brattvåg i førre runde.

Troppane til oppgjeret i sør er no publiserte:

Haugesund 2 stiller med 10 av dei 11 som starta i kampen som enda med 8-0-tap i førre runde.

Men dei har styrka troppen noko, Anthony, Bjørkkjær og Kling, med til saman 37 A-kampar dei siste to åra, er med i heimekampen mot Stord.

Alle kampane i siste runde startar kl 14.

Midtsiden oppdaterer frå kampane på Facebook og Twitter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.