Lokal | 27. juli 2014

– Er det nokon som er vaken?

Sommarvert i Os hamn: Mens kommunen vil laga liv på Øyro lagar Tove Tvedt Skarstein liv i Os hamn.

– Er det nokon som er vaken?
Kvar morgon i juli er Tove Tvedt Skarstein på runde for å ønskja overnattande båtgjestar velkomen til Os. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. juli 2014 07:00

Bildeserie:

Håvard Ådland og Ragnhild Nes med kvar sine sonar, Adrian og Trym. (Foto: KVB)
Håvard Ådland og Ragnhild Nes med kvar sine sonar, Adrian og Trym. (Foto: KVB)
Tove byr på rundstyker, avis, informasjon og reklame til båtfolket. (Foto: KVB)
Tove byr på rundstyker, avis, informasjon og reklame til båtfolket. (Foto: KVB)
1 av 2
Håvard Ådland og Ragnhild Nes med kvar sine sonar, Adrian og Trym. (Foto: KVB)
Tove byr på rundstyker, avis, informasjon og reklame til båtfolket. (Foto: KVB)

Då det blei slutt på organiserte sommarvertar i Os hamn tok butikkdrivar i Os sentrum, Tove Tvedt Skarstein sjølv jobben.

Les òg: Ver(d)t å ta vare på

Tove held fram med å tilby litt ekstra til båtfolk som tar overnattinga i Os hamn.

– Det handlar ikkje berre om å gje frå seg ein pose, det er kjekt å ønskja båtfolk velkomen og slå av ein liten prat, seier Tove.

Rundstykke, avis, reklame og informasjon

I posane båtfolket får om bord får gjestane både ferske rundstykke, dagens BA og brosjyren Osguide.

– Rimi har slengt seg på i år og spanderer rundstykker. Dei har også hatt nokre kampanjar der dei deler ut frisbee når det er sol og kortstokk når det regnar.

– Desse artiklane har eg enkelte dagar også fått med i posen.

Tove tar dessutan med informasjon om hennar eigne butikkar og reklameblad frå Rimi.

Fleire kjem tilbake

Tove fortel om rundt 5-10 båtar per morgon, av og til fleire.

– Vi kunne nok vore endå betre til å marknadsføra Os til båtfolket, og til å ta imot dei med god informasjon. Men eg er glad for at det no skjer ein del med utviklinga av hamna.

Les òg: No betaler båtfolket for seg

Ho seier vidare at gjestar kjem frå både Stavanger og frå Sogn og Fjordane – og frå Os og Bergen.

– Fleire av dei eg har møtt i år var her i fjor. At dei kjem tilbake er jo kjekt!

Saknar bossdunkar

Blant gjestane i Os hamn fredag morgon, då Midtsiden var med Tove på runden, var Håvard Ådland frå Fusa med venar frå Møre.

– Vi har hatt ei fantastisk veke sørover til Stavanger. No skal vi følgja venane våre heim til Møre, fortel han.

Nabobygdingen trivst i Os hamn, men har håp om betring på to punkt.

– Det hadde ikkje skada med betre skjerming av hamna. Fleire bossdunkar, som er opne, hadde også vore bra. Dei eg har funne i det siste har vore låst, fortel Ådland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.