Lokal | 02. apr. 2018

Er det snart vår i lufta?

I fjor snudde det på 13 dagar.

Er det snart vår i lufta?
Det er 13 dagar mellom desse to bilda, tatt i 2017, med snø i Hamnevegen 24. april og vassing i Mobergsvikjo 7. mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. apr. 2018 08:24

Mars har vore kaldare og tørrare enn normalt, i Bergen har temperaturen i snitt lagt på 0,8 gradar, som er 2,5 gradar kaldere enn normalt (frå 1961 til i dag). Det har kome 73 millimeter nedbør i Bergen, noko som er under halvparten av normalen for mars, melder BT.no.

April starta rekordkaldt med 5,3 minus målt på vêrstasjonen Florida i Bergen, men no kjem våren i Sør-Noreg, fortel NRK Hordaland.

Dei legg til definisjonen på vår:

«Den klimatologiske definisjonen på vår er når døgnmiddeltemperaturen er over null og under ti gradar, og temperaturen er stigande.»

8 gradar og sol i Os

Temperaturar mellom null og 10 gradar høyrest like mykje ut som typisk juleferie i Os, men vi vil likevel tru at 8 gradar og sol vil skapa vårstemning i hage og på fjorden rundt i Osbygda.

Det er nemleg meldt 6 gradar og sol søndag. Måndag om ei veke er det venta skyfri himmel og 8 gradar.

Men først må vi tola nokre netter med kuldegradar og nokre dagar med regn.

I dag, 2. påskedag, er Yr og Storm samde om lettskya vêr på dagtid og 1-3 minusgradar natt til tysdag. Tysdag kveld er det venta temperatur rundt 0 gradar og nedbør i form av sludd eller snø.

Onsdag og torsdag er det meldt 4-6 varmegradar og regn.

Yr melder lettskya fredag og overskya, men opphaldsvêr mesteparten av laurdag, Storm melder regn både fredag og laurdag.

Sjå detaljert vêrvarsel for Osøyro, frå Yr og Storm side om side, på Pent.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.