Lokal | 22. sep. 2016

– Er dette grei praksis?

I kjølvatnet av ungdom som leika på taket på Amfisenteret har andre reagert på vaksne sine mange ærend opp på taket på Nore Neset Aktivitetshus.

– Er dette grei praksis?
Henting av ball og filming av kampar gjer at dette skal vera eit vanleg syn på Skeie. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. sep. 2016 12:15

Tidlegare denne veka fortalte politiet om uønska aktivitet på Amfisenteret søndag, med ungdom som klatra og leika på tak og rekkverk.

– Om vi vil halda ungdomen av taket så bør kanskje vaksne gå framfor som godt eksempel, seier ein Midtsiden-lesar i ei melding til redaksjonen.

Han refererer til ein annan bygning i Os, Nore Neset Aktivitetshus, og har tatt bilde av noko som ikkje skal vera eit sjeldan syn på Skeie.

– Dei går på taket og hentar ballar og dei står på taket og filmar fotballkampar. Det blir sikkert opplevd som trygt, men denne formen for ferdsel er ikkje i tråd med HMS-krav, og skulle det skje ei ulykke så kan konsekvensane bli stygge og krava retta mot aktivitetshuset eller idrettslaget svært høge.

– Dette må vi sjå nærmare på

Formann i Nore Neset idrettslag, Egil Krukhaug, er kjent med at fotballtrenarar går på taket og hentar ballar og at det av og til blir filma frå taket.

– Det er ein nødstige som gjer det lett å ta seg opp på taket, men som samtidig heng slik at det ikkje er enkelt for ungar å ta seg opp.

– Eg kjenner ikkje til at dette har ført til nokre problem eller uønska aktivitet på taket, men eg ser jo at det er mogleg at denne praksisen ikkje er ok.

Ifølgje tipsar, som vil vera anonym, men seier han har god kjennskap til HMS-reglar, skal det blant anna vera 90 cm høgt gjerde på taket for at det skal vera greit å ferdast der utan tryggleiksutstyr.

– Vi vil setja oss ned og sjå på både eigen praksis, reglar og korleis stigen heng, så vi får rutinar som er innanfor krava, seier Krukhaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.