Sport | 23. des. 2014

Er dette noregsrekord?

VIDEO: I sommar sette han noregsrekord med 6 rundar av dette trikset. Då Midtsiden bad om ny rekord klarte Tommy Sagmoen heile 13 på rad!

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. des. 2014 10:24

Tommy Sagmoen (18) frå Oslo er fotballtriksar. I helga var han på triksecamp i Os saman med osingen Sondre Ødegård Aksnes og Preben Kleppe Lilletvedt.

– Tommy hadde noregsrekorden i det trikset der, fortel Preben etter at Tommy tok 2-3 heel ATW (around the world/jorden rundt) på rad.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Rekorden som han sette i sommar blei ikkje ståande lenge. Verdsmeister i 2010, Anders «Azun» Solem klarte 7 kort tid etter.

– Men 3-4 stykker gjekk jo rimeleg lett. Viss eg filmer, prøver du å så Azun? spurde underteikna.

Etter nokre rundar med andre triks sette han i gang - og grusa rekorden med heile 13 på rad!

Sondre og Preben kom springande bort, jublande over det som truleg er ny norsk rekord.

– Eg veit jo ikkje kva alle i Noreg klarer, samtidig ville eg nok fått høyra om det viss andre hadde klart så mange fleire enn Azun sin rekord, seier Tommy, nøgd med første dag på campen på Os.

VIDEO: Sjå Tommy Sagmoen ta jorda rundt, 13 gongar på rad, bak ved hælen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.