Sport | 07. mai 2010

Er du best i Os?

Os Turn Fotball inviterer til triksekonkurranse for barn og ungdom under Vårsleppet.

Er du best i Os?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. mai 2010 20:44

Har du ein god triksefot eller to? Laurdag inviterer Os Turn Fotball til triksekonkurranse på Torget i Os sentrum. Spelarar frå Os sin stall står med stand og registrerer kor mange du klarar, og dei beste kjem til finalen.

- Vi deler deltakarane inn i fire klassar, jenter og gutar, barneskule og ungdomsskule, fortel Os-spelar Martin Eidsvik.

Fotballgutane er på plass frå klokka 11.00. Klokka 13 tar dei ut dei beste til finale.

- Det er gratis å delta og alle får tre forsøk. Det er også premiar til alle vinnarane, sponsa av Intersport Rosvold.

Dei som klarer flest går vidare til finale, og finalistane blir samla i puljer der dei startar å triksa samstundes og den som står lengst vinn.

I tillegg til å notera kor mykje deltakarane klarar å triksa vil dei fire Os-spelarane invitera fleire osingar med i målskårarklubben til Os. Her er medlemmane med og støttar per skåring i 2010-sesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.