Kvinna flytta til Os for over fem år sidan. Stygge kommentarar har blitt regelen, ikkje unntaket, når ho er ute på fest i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Er eg for svart for Os?

Vanlegvis blir ho utsett for rasisme eller spurd om å selja sex. I jula blei ho slått ned.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ho framstår som ei energisk og munter dame, ei som ser lyst på livet og som trur det beste om folk - men òg ei som kan bli skuffa og svært såra.

– Eg forstår ikkje kva eg har gjort galt, kvar alt hatet kjem frå. Kanskje er vi ikkje så mange i Os som har svart hud, at folk ikkje er vant med det? Eg opplever det som betre i Bergen, der eg budde før.

Opplevingane ho fortel om er mange og grove.

– Eg har slutta å gå ut i Os, eg får ofte stygge kommentarar. Då sambuaren min ville ha meg med ut før jul, sa eg nei, men han insisterte.

Det enda med rasistiske kommentarar og eit fysisk angrep der begge gjekk i bakken.

Dette var natt til veslejulaftan, laurdag 23. desember.

– Eg las om ein annan episode frå same natt, med slåstkamp mellom 4-5 personar, og ein mistenkt mann på 25 år som blei køyrd i arresten. Denne handla ikkje om oss, dei som gjekk laus på oss var eldre, rundt 40 år, og forsvann i ein Volvo stasjonsvogn før politiet kom til staden.

Sjølv var ho til legevakt dagen etter for sjekk.

Ber om å få kjøpa sex

Då Midtsiden møtte kvinna heime i Os, var ho saman med sambuaren sin og dottera. Mannen fortel at sjikanerande kommentarar har blitt regelen, ikkje unntaket.

– Den siste tida har det skjedd kvar gong vi har vore på fest på utestadane i Os. Det er utruleg trist for både ho og meg.

Når det ikkje kjem stygge kommentarar, kjem spørsmåla om ho vil selja sex.

– Menn over 50 år er verst. Eg har òg opplevd at dei har kome direkte til meg og spurd kor mykje eg skal ha for at dei får ho med seg ei natt.

Han ønskjer å forsvara kona, men liker ikkje konfliktar og slåsting. Også i jula prøvde han å unngå bråk.

«Kvifor maler du deg i så stygg farge?»

Fredagskvelden ute i Os gjekk fint, men paret blei trøtt, synest stemninga var litt laber, og valte å reisa heim.

– Vi hadde begge lyst på ein hamburger til nattmat. Det var då bråker byrja.

Då paret gjekk forbi to menn som sto og venta på hamburgeren sin, skal ein av dei ha spurd kvinna; «Har du malt deg? Kvifor maler du deg med så stygg farge i ansiktet?».

– Mannen min sa «vi går», men eg ville ha mat, så eg stilte meg i kø, fortel kvinna.

Men skitslenginga stoppa ikkje. Til slutt gjekk mannen hennar bort og prøvde igjen å få kvinna til å gløyma burgeren, og heller koma seg vekk frå staden.

– Eg ba dei om å gje seg. Då smalt det, fortel han.

Alt skjedde fort. Slik dei hugsar det, blei dei angripe samtidig av to menn. Dei gjekk begge i bakken.

Har meldt forholdet til politiet

Trass mange tidlegare episodar med stygge kommentarar er det først no ho vel å gå til politiet.

– Det er ikkje alltid så lett å koma med noko konkret, og eg ønskjer ikkje å bruka det at eg er svart til å gjera meg til offer. Men denne gong enda det i fysisk vald, i tillegg var det direkte rasistiske kommentarar.

Forholdet er meldt som «hatefulle ytringar - hudfarge, nasjonal/etnisk bakgrunn». Brot på rasismeparagrafen har ei strafferamme på bot eller fengsel i inntil 3 år.

– Eg håper politiet tar saka på alvor. Dei bør finna heile episoden, og dei mistenkte, på overvakingskamera til Esso-stasjonen. Dette er éi av mange saker, men den er uprovosert, heldt fram over tid og enda med vald.

Eldre dame kalte dottera for apekatt

Det er over 10 år sidan kvinna, som er frå Sør-Amerika, flytta til Noreg. Mannen kjem frå ein annan kommune enn Os, og dei har begge eit forholdsvis lite nettverk i heimkommunen.

– Opplever du rasisme også på dagtid, frå folk som er edru?

– Det hender, dessverre, men det er heldigvis ikkje så ofte. Det grovaste, synest eg, var noko dottera mi blei utsett for. Ho var på Amfisenteret med venar då ei eldre dame spurde venane kvifor dei var saman med apekattar, og sikta heilt tydeleg til dottera mi.

– Ho har òg fått nokre kommentarar på skulen, og via nettmobbing. Her ser leiinga ved skulen ikkje ut til å vera i stand til å ta noko særleg tak i det. Det er gjerne ikkje meint så grovt frå dei elevane som seier det, men det sårer både henne og meg.