Lokal | 15. aug. 2014

Er hekken din eit hinder?

Os kommune skal på tokt for å rydda vegetasjon. Har du ein hekk som veks ut over kommunal veg bør du stussa den sjølv – elles kan du hamna i saksa.

Er hekken din eit hinder?
Eksempel på god og mangelfull klipping av hekk. (Foto: Os kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. aug. 2014 12:49

Teknisk drift i Os kommune vil no på seinsommaren gå i gang med vegetasjonsrydding inn mot kommunale vegar.

– Høg og tett vegetasjon kan vera til hinder for fotgjengarar og dessutan hindra sikt for bilistar, noko som kan skapa farlege situasjonar, seier Terje Myking frå Os kommune.

Du kan få rekninga

Der privat grunneigar har grense til fortau eller veg håper kommunen på eit godt samspel.

Om grunneigar ikkje ryddar vegetasjonen sjølv risikerer vedkomande både at kommunen klipper den og at dei sender rekning for arbeidet.

– Men først vil vi i så fall informera godt. Det beste er om folk klipper buskane sine sjølv, for maskinene våre er ganske grove.

– I enkelte tilfelle kan det dessutan bli aktuelt å ta betalt for at vi har måtta ta jobben, og det håper vi på å unngå.

Kva er ditt ansvar?

Lurer du på kva vegetasjon som er ditt ansvar å klippa?

oskommune.no finn du lenkje til både informasjonsbrosjyre, lovverk og liste over kommunale vegar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.