Lokal | 01. okt. 2014

– Er i ei utviklingsfase

E39 Hordfast: Vegvesenet jobbar med traséval som tåler 110 km/t. Vil invitera til folkemøte i november.

– Er i ei utviklingsfase
Bjørnatrynet er eit av alternativa for traseen for Hordfast (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 01. okt. 2014 07:51

Tysdag fekk ordførarar og fylkespolitikarar i kontaktutvalet for E39 Hordfast ei oppdatering på ståa og framdriften frå Statens vegvesen.

– Det er ikkje så veldig mykje nytt frå tidlegare. Vegvesenet jobbar med planprogrammet som skal fremjast i april 2015.

– Dei er no i ei utviklingsfase og har tydeleg tatt til seg ønskje om 110 km/t på vegen. Det betyr at dei må stramma opp veglinene, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).

To alternativ

Vegvesenet jobbar i all hovudsak med to alternativ for ilandføring på Ossida av Bjørnafjorden.

– Det er neddykk i Øyane med tunell inn til Moberg og ilandføring på Bjørnatrynet med tunell til Moberg som er dei to alternativa.

– I BT i dag ser vi ein illustrasjon med ei dagløysing frå Øyane til Halhjem, kva tydar det?

– Det er jo det første alternativet, som eg opplever som mindre og mindre aktuelt.

– Uansett så blir det vår jobb som lokalpolitikarar å sørgje for at den ikkje blir ei realitet.

– Eg held meg til kommunestyret sitt vedtak som seier at pri éin er Bjørnatrynet og pri to neddykk i Øyane, forklarar Søviknes.

Folkemøte i november

Når det gjeld vegen vidare vil vegvesenet i løpet av oktober ha fagmøte med kommunen for å gå gjennom alle dei planfaglege sidene av reguleringa.

– Dette er eit reint administrativt møte kor fagfolka skal drøfta alle dei planfaglege tinga som omsyn til landskap, kulturminner, friluftsliv og så vidare.

– I november kjem Statens Vegvesen og Hordaland Fylkeskommune til å invitera til folkemøter på Os, Tysnes og Stord.

– Der kjem dei til å presentera arbeidet så langt og lytta til innspel frå lokalsamfunna, avsluttar Søviknes.

Dato for folkemøtet er førebels ikkje kjend.

Har fått saksordførar

Når det gjeld den andre store vegutbygginga i kommunen, E39 Svegatjørn-Rådal, så blei den sendt frå regjeringa til stortinget 12. september.

– Veit du noko om kor saka står i høve transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget?

– Det er så langt eg veit ikkje sagt når den skal komma til sluttbehandling i komiteen.

– Men det eg veit er at dei har drøfta kven som skal vera saksordførar for saka.

– Det blir Torill Eidsheim frå Høgre og Hordaland, avsluttar ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.