Lokal | 12. feb. 2018

– Er på offensiven

Vedlikehald av kommunale bygg over kneika. – Eg trur vi ligg over landssnittet på kor gode bygga våre er no, seier Dag Søfteland.

– Er på offensiven
Systematisk utvendig vedlikehald gjer at kommunen no har god kontroll på dei kommunale bygga (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 12. feb. 2018 11:58

I formannskapet i førre veke stilte Helge Steinum (Ap) spørsmål om tilstanden på dei kommunale bygga og om det fantes enkle måter å rapportere avvik og vedlikeholdsplanar.

Avdelingsleiar Dag Søfteland på teknisk drift i Os kommune kunne beroliga med at systema var på plass.

– VI har god kontroll. I 2014 innførte vi eit FDV-system (forvaltning, drift og vedlikehald, journ.mrk) kor alle bygg med alle komponentar er registrert. Vi har også eit avviksystem på intranettet kor 160 brukarar på ulike plassar i kommunen melder inn avvik på bygga sine.

– Er det store avvik, så legg vi det inn i den framtidige planlegginga. Vi har ein tiårsplan på maling i tillegg til årplanar for kva som skal gjerast. Eg meiner vi har ganske god avviksordning og kontroll på bygga, svara Søfteland, som lovde å finna ei løysing som gjorde at politikarane kunne få tilgang til å sjå planane.

Går i rett retning

Nils-Anders Nøttseter (MDG) følgde opp med å spørja om det var store etterslep og om ein har nok ressursar.

– Det går definitivt i rett retning. Dei siste fem åra har vi hatt veldig fokus på utvendig vedlikehald. Vi har gått systematisk til verks, slik at vi har fått renska opp i alle dei tinga der. Det har vore skifta tak, kledning og malt fasader, noko som at vi no er nesten nede i null på problem med inneklima.

Les òg: Sparer stort med eigne folk

– Vi har òg fått justert temperaturen inne i bygga, slik at det no ikkje til dømes er klasserom som held 28 grader, slik som det var før. Bygga våre er supermoderne og superavanserte. Eg trur vi ligg over landssnittet på kor gode bygga våre no er.

Er over kneika

Trass litt kritikk på manglande rydding utanfor enkelte av dei kommunale bygga, var det stort sett skryt å hauste i formannskapet.

– Eg vil nytta anledningen til å skryta kor bra det ser ut. Eg føler at vi har fått tak på vedlikehaldet no, sa Ståle Skaatun (H).

– Takk for det, eg føler vi har kome over kneika som var. No er vi litt på offensiven. Når vi kan byrje på det innvendige så er det eit godt teikn, konstanterte Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.