Gisle Hesjedal (Ap) er uroa for at Os kommune skal tapa konkurransen om dei gode lærarane når den nye pedagognorma trer i kraft 1. august (foto: Andris Hamre)

Er uroa for ny lærarnorm

Gisle Hesjedal (Ap) er uroa for at Os kommune ikkje skal klare å oppfylla den nye lærarnorma frå hausten av.

Av: Andris Hamre

Arbeiderpartipolitikar Gisle Hesjedal tok i tenesteutvalet 25. april opp den nye lærarnorma og den uroa han sit med for at Os kommune ikkje skal klara å oppfylle krava.

– Os kommune manglar omlag 15 lærarstillingar for å oppfylla minimumskravet i den nye lærarnorma som gjeld frå august.

– Solberg-regjeringa har gjennom brev frå kunnskapsdepartementet 29. januar i år gitt kommunane marsjordre om å innfri det nye minimumskravet for lærartettleik frå august, og dette gjeld uansett kor stor eller liten kompensasjon som måtte koma i revidert nasjonalbudsjett.

– Fleire av nabokommunane våre, og då særleg Bergen, er alt godt i gang emd å lysa ut nye stillingar. Eg er uroa for at Os kommune skal hamne i ein situasjon der vi får vanskar med å rekruttera nok kvalifiserte lærarar til skulestart i august.

– Kan administrasjonen garantera at Os kommune kjem til å oppfylla lærarnorma frå august, slik regjeringa og Stortingsfleirtalet krev, undra Hesjedal.

Usikre tal

Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, gav inga garanti men freista å forklare korleis ein jobbar med problemstillinga.

– Totalt manglar skulane 11,8 stillingar, men 15,2 pedagogar om vi ikkje trekk frå minstetalet. Det er fleire usikre faktorar som speler inn i dette grunnlaget. Tala er henta ut per 1. oktober, ikkje alle har lagt inn sine ressursar i GSI så tidleg. Vi har stressa skulane for å få inn oppdaterte tal no i vår. Vi er difor ikkje sikre op om dette syner den realistiske situasjonen.

Utfordrar tildelingsmodellen

Når ein har fått inn tala vil kommunen sjå nærare på tala.

– Då vil vi sjå korleis totaltalet ser ut med tank på antal lærarar og antal elevar. Så er det slik at nokre skular har rekna om pedagogar til fagarbeidarar og noko til ledelse. Det handlar om tildelingsmodellen vi har. Skulane har stor fridom til å prioritera i høve dei utfordringane dei har. Pedagognormen utfordrar dette og tildelingsmodellen. Det er noko vi har diskutert med utdanningsforbundet. 

– Vi kan risikere at vi må ta ned fagarbeidarar for å ta opp pedagogar, eller endra lederstrukturen på nokre av skulene.

– Vi har sett på tala og slik det ser ut så forsvinn 6,5 millionar frå rammetilskotet. Spørsmålet er kor mykje som blir lagt inn att i revidert nasjonalbudsjett. 

– Pedagognormen skaper store forventingar og fleire skular må omprioritera for å få fleire pedagogar

Ber skulane si i frå

Med tanke på rekruttering fortalde Rye at dei ber skulane melde frå om dei får gode kvalifiserte søkarar.

– Vi har sagt til skulene at når dei lyser ut stillinger og får fleire gode kvalifiserte søkjarar enn det dei skal tilsetta, så må dei seie frå til oss, slik at vi kan sjå om vi kan opprette fleire stillinger. Men per no er det for store usikkerheiter til at vi føler vi kan gå ut med ei storstilt utlysing, svara Rye.

– Det er greit å få vite korleis de tenkjer og resonnerer. Eg forstår det er ein viss usikkerheit omkring nøyaktig kor mange lærarar ein trenk, men eg kan ikkje sjå at Os kommune har starta ein prosess slik som vi blei beden om i januar. Eg er framleis uroa for at kommunane rundt oss støvsuger marknaden før vi kjem i gang. Det er eg oppriktig uroa for, oppsummerte Hesjedal.