Lokal | 09. mai 2018

UP er varsla om gjentakande grisekøyring på Nore Neset

I går fekk politiet melding om brot på besøksforbod og nok eit tilfelle av uforsiktig køyring av unge mc-førarar.

UP er varsla om gjentakande grisekøyring på Nore Neset
Både Os lensmannskontor og UP kan koma til å halda eit ekstra auge til Skeisflaten den komande tida. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. mai 2018 07:30

Tysdag fekk politiet melding om brot på besøksforbod.

– Ein mann i 40-åra har oppsøkt ein eks-sambuar i 30-åra. Han møtte opp på døra til kvinna og meinte han hadde eit ærend i huset, men det har han ikkje lov til, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Patruljen møtte mannen i nærleiken. Han blei vist vekk og er meldt for forholdet. Det er ikkje første gong han er meldt for brot på besøksforbod.

Unge mc-førarar risikerer førarkortbeslag

I går kom det òg melding om uforsiktig køyring med moped og motorsykkel på Nore Neset.

– Ifølgje meldar er det mykje køyring på eitt hjul og i høg fart. Dette har vore eit gjentakande problem.

Om ungdomane blir observert på bakhjulet eller annan form for leik i trafikken blir det førarkortbeslag.

– Vi er OBS på problemet og har i tillegg varsla UP. Vi vil oppmoda ungdomane om å betra åtferda si i trafikken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.