Lokal | 17. apr. 2015

Er vi blitt lurt ?

Lesarinnlegg: Er fergefri E-39 frå Stord til Trondheim skrinlagt?

Er vi blitt lurt ?
Flytebru (ill: Statens Vegvesen)
Andris Hamrefredag 17. apr. 2015 06:36

På ein fergetur over Bjørnefjorden, sumaren 2013 sa Erna Solberg (H) og Knut Arild Hareide (KRF) at brua over Bjørnefjorden skulle byggjast.

Var dette ein skjult agenda? Var hensikta å overføra pengane til motorveg frå Oslo til Solvik Olsen sin kjære heimby, Stavanger?

Vert ”fergefri E-39” redusert til Svegatjørn – Rådal samt nokre kortare strekk i Sogn og Fjordane?

Solvik Olsen har rett i at bru over Bjørnefjorden krev mykje planlegging og ein planleggingskostnad på antatt (150 mill. kr.?)

Hadde Solberg og Hareide gått inn for det indre alternativ via Fusa så hadde ikkje Solvik Olsen hatt dette argumentet.

Solvik Olsen seier vidare at fjordkryssing er så vanskeleg at det må Statens vegvesen ta seg av. Akkurat ja. Dei private skal tena pengar. Dei vanskelege oppgåvene skal det offentlege ta seg av. Det kan også gjelda forholdet mellom offentleg og private sjukehus, eller mellom offentleg og privat skule.

Men når ”folk flest” også på Vestlandet gjev si stemme til regjeringspartia då har vi fått den regjeringa vi fortener -

OS SENTERPARTI
Jan Gaassand

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.