Kultur | 21. apr. 2017

Erfaren skulptør debuterer som teiknar

25 år etter kunsthøgskulen stiller Peter Marron no ut med ti teikningar. Også grafiker Ingrid Lilja Arntzen er del av utstillinga som har vernissasje laurdag.

Erfaren skulptør debuterer som teiknar
Peter Marron har sett på teikning som ein del av skulptur-prosessen. No har han fått eit nytt syn.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. apr. 2017 11:01

Bildeserie:

«Fjærlett» av Ingrid Lilja Arntzen.
«Fjærlett» av Ingrid Lilja Arntzen.
1 av 1
«Fjærlett» av Ingrid Lilja Arntzen.

I morgon er det opning av ny utstilling i Vedholmen Galleri.

– Det er ei stor glede å invitera publikum til å sjå grafiker Ingrid Lilja Arntzen si første separatutstilling hos oss, seier gallerist Vibeke Harild.

Ho er òg glad for å visa ektemannen Peter Marron si første separatutstilling som teiknar.

Desse 25 åra etter at han tok hovudfag i Bergen har han i hovudsak jobba som keramiker og skulptør, men òg stilt ut fotografi.

Ei ny og noko smertefull oppleving fekk han inn på eit anna spor.

Prosessar til inspirasjon

Peter har alltid teikna, både då han tok utdanning og seinare, som skulptør.

– Eg har aldri tenkt på å stilla ut noko, det har vore skisser til skulpturane og eg har sett på det berre som del av prosessen.

Men dei siste åra har han hatt problem med ryggen, noko som både har redusert kapasiteten til det noko tunge keramikkarbeidet, og gjeve inspirasjon til nye motiv.

Utstillinga heiter «Fortvilelse».

– Du blir fortvila når du ikkje får jobba. Samtidig opplever du fine ting, som omsorg, at andre bryr seg, og at du har framgang med rehabiliteringa, forklarer Marron.

– Dei ti teikningane mine skildrar denne prosessen, frå smerte til rehabilitering.

Lett å lata seg lura

Om grafiker Ingrid Lilja Arntzen sine verk fortel Vibeke Harild om både førsteinntrykk og det som ligg litt djupare.

– Ved første augekast kan grafikken til Arntzen sjå ut som «tilforlatelige», vakre, kavdagslege motiv. Kanskje du let deg lura av den harmoniske fargeklangen som er eit gjennomgåande særtrekk for all grafikken hennar.

– Men ser du nærmare så oppdager du mangfaldet og humoren, eit univers der dyr, menneske og objekt er plasserte i ein helt annan kontekst enn venta.

Tale og musikk

Som vanleg legg Vedholmen Galleri opp til ei stemningsfull stundt under opninga (kl 14).

Opningstalen denne gong er ved komponist Glenn Erik Haugland.

Musikk er ved Nicolas Munos og Elisabeth Økland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.