
Erlend slo til igjen
Os karateklubb var ansvarleg for avviklinga av årets første vestlandscup, som gjekk av stabelen i Laksevåghallen laurdag. Stemnet hadde rundt 70 deltakarar, bra deltaking, men ikkje bra nok i alle klassar.
- Steffen Larsen frå Stavanger var påmeldt i min klasse. Eg hadde håpa på å få gå mot han for første gong, sa Erlend Slettevold.
Men Larsen, som har lang fartstid på landslaget, og truleg ville gjeve elles så uslåelege Erlend god matching dukka ikkje opp.
Dermed blei det to kampar på den eldste Slettevold-broren, som han vann greit, stillinga blei 5-0 i begge, om ikkje vi noterte feil.
Klubbkameratar i finalen
I tungvektsklassen møtte Henrik Reed-Larsen klubbkamerat Roy Åge Alvheim i finalen.
Kampen blei jamn og med nokre typiske tungvektsklinsjar, der begge prøvde nedtaking, men ingen fekk den andre i bakken.
Poenga blei stort sett skåra på slag, og det var Roy Åge som hadde flest treffarar og tok gull.
Kadett, kata og dameklasse
I dameklassen var det ikkje nok deltakarar til at Tonje Skeie Hjelle fekk vist kva ho er god for i kamp, men i kata fekk ho i tre rundar vist seg som best. Så bar det til finale i klassen som var slått saman med herrar, og der møtte ho klubbkamerat Slettevold.
Erlend stakk av med gullet også her.
I kamp for kadettar vann Mons Daniel Haugland gull.
Ungane klare for meir alvor
I barneklassen får alle veta kven som har vunne kva kamp, men det er ikkje cupsystem med finalar.
- No gler eg meg til neste år, då er det cup og sjanse til å ta gull, seier Tiril Skønberg Haaland (11).
Ho kan knapt hugsa at ho har tapt dei to åra ho har konkurrert, og å skårar på teknikkar som vil gje fullt hus om ho treff med dei når ho som 12-åring går opp i kadettklassen.
Laurdag gjekk Tiril to kampar og to rundar med kata og vann begge suverent.
Også dei andre i barneklassen var flinke, og vann nokre av kampane og kataene sine;
Mathias Sørensen, Even Johan Borge og Margaret Slettevold.
MIDTSIDEN KJEM TILBAKE MED VIDEO FRÅ STEMNET.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no