Næringsliv | 08. mars 2018

Etter 70 år i Bergen flyttar Lator Skiltfabrikk til Os

Då dei i 2008 mista storkunden sin tok to tilsette over eigarskapen. No har dei signert leigeavtale i komande nybygg i Kloppamyra næringsområde.

Etter 70 år i Bergen flyttar Lator Skiltfabrikk til Os
Bak Spar-butikken som opnar i april (bildet er frå byggestart i fjor) kjem eit nybygg der Lator skal leiga 550 kvadratmeter frå oktober. (Foto/skjermskot: KVB/lator.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. mars 2018 11:29

Lator Skiltfabrikk AS blei etablert i 1950, og flytta fabrikk og butikk til Bergen sentrum i slutten av 50-talet. Der har dei blitt verande til no.

– Det skal koma leilegheiter her vi held til i dag, og då var Os ein fin stad å flytta til, synest medeigar og dagleg leiar Arild René Gill.

Han og kollegaen Asbjørn Sandal eig 50 prosent kvar av selskapet.

Dei har teikna leigekontrakt på 550 kvadratmeter i første etasje i eit komande nybygg som brørne Aspenes og Inge Hjelle skal bygga, bak Spar-butikken som opnar i april.

To av tre frå Os

Gill bur i Os, det gjer òg den tredje tilsette som frå hausten vil få arbeidsplassen sin flytta til Kloppamyra, Silje Grønvigh.

– Eg bur i Hagavik og reduserer no reisetida mi til jobb frå ein time til fire minutt. Det ser eg fram til, seier Arild.

Dei ventar å vera i drift i Kloppamyra i oktober i år.

Mista vegskilt-kunde i 2008

Lator er truleg best kjent som produsent av bilskilt, kjenneteikn til køyretøy. Dette var også viktigaste varegruppe.

– I 2008 gjekk dette ut på anbod, og det var berre arbeidsmarknadsverksemder (verna bedrifter) som kunne rekna på jobben.

Då den viktige kunden forsvann blei det opna for at Gill og Sandal, som var tilsett i bedrifta frå før, fekk overta som eigarar.

Dei omsette for 2,3 millionar første år etter at storkunden forsvann, men har no løfta omsetnaden til over 5 millionar kroner. Selskapet har gått med overskot i 7 av dei 8 åra etter eigarskiftet.

Har halde på dei gamle bilane

Om ordinære bilskilt har forsvunne frå produksjonen, jar Lator halde på éi av dei rullande kundegruppene, Lator Skiltfabrikk er eitt av to selskap i Noreg som lager skilt til veteranbilar.

Andre viktige varegrupper er skilt til bruk i hus og hage, frå husnummer til innandørs dekor.

I Os som i Bergen vil fabrikken, i tillegg til produksjonslokale og kontor, få ein resepsjon med utstilling og ein liten butikk.

– Nettbutikken er viktig for oss, her kan kundane velja mellom ei rekkje variantar. Men butikken er det òg grunnlag for, særleg når det kjem til husnummer, men òg når kundane fysisk vil sjå og kjenna på varene før vi formar eit skreddarsydd skilt til deira bruk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.