Lokal | 25. mai 2018

Etterforskar brann ved Banktjørn

Det var opne flammar då brannvesenet kom fram.

Etterforskar brann ved Banktjørn
Brannen (innfelt) skjedde mellom Byvegen og brygga i Banktjørn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. mai 2018 07:55

Torsdag klokka 21.23 kom det melding frå forbipasserande om brann i skogen mellom Byvegen og Banktjørn.

– Det var opne flammar då vi kom fram. Heldigvis hadde ikkje brannen spreidd seg. Det var heller ikkje særleg med vind i går, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Det brann i noko boss, blant anna ein isoporkasse. Rundt flammane var det mykje tørr vegetasjon etter fleire veker med opphaldsvêr.

Oppretter sak

Brannvesenet hadde ikkje problem med å sløkka den vesle brannen.

Politiet var òg på staden, og har oppretta sak.

– Vi vil undersøka nærmare korleis brannen starta og kven som eventuelt har ansvaret, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Då brannvesenet kom til området i går var det ingen personar på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.