Lokal | 19. juni 2017

Etterforskar valdsepisode i Os sentrum

Ein gut hamna på legevakt etter å ha blitt skalla ned.

Etterforskar valdsepisode i Os sentrum
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. juni 2017 07:42

I 3-tida natt til søndag blei ein 18 år gamal gut utsett for vald i Os sentrum.

– Han skal ha blitt skalla i hovudet og blei køyrd til legevakt, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Skadeomfang er førebels uvisst, men politiet skal i dialog med guten igjen i dag.

Mistenkte pågripen søndag

Mistenkte hadde stukke frå staden då patruljen kom fram, men blei pågripen søndag.

– Vedkomande er ein mann i 20-åra. Vi hadde han i avhøyr i går.

– Vi ser på dette som ei alvorleg hending, seier politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.