Lokal | 26. juli 2016

Etterlyser vitne for å behalda førarkortet

Kvinna som fekk førarkortet beslaglagt etter kollisjonen ved Stegen i førre veke ønskjer kontakt med førar av bil nummer to frå Bergen.

Etterlyser vitne for å behalda førarkortet
– Den andre bilen blinka seg inn Stegen, seier bilføraren som fekk førarkortet beslaglagt etter ulykka på Byvegen onsdag i førre veke. Var du vitne? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. juli 2016 19:19

Onsdag i førre veke, i 15-tida, kolliderte to bilar på Byvegen.

– Det er ikkje heilt rett at det var ein frontkollisjon. Eg sto i Stegen og skulle retning Bergen då eg svingte ut og kolliderte med ein bil som hadde retning Os, fortel ein av dei to involverte bilførarane.

Vedkomande hadde vikeplikt og fekk førarkortet beslaglagt etter ulykka.

– Bilen blinka seg inn til Stegen

Årsaka til at ho meiner det midlertidige førarkortbeslaget er urettvist er at ho meiner bilen ho kolliderte med blinka seg inn til høgre.

– Eg sto i ro og lét fleire bilar passera før eg såg at denne blinka seg inn. Farten var låg, så eg rekna med at det blei ei luke til meg.

Etterlyser vitne

Bilføraren som no er utan lappen håper at bilen som kom bak den ho kolliderte med vil ta kontakt.

– Vedkomande køyrde vidare utan at eg eller politiet fekk høyra kva han eller ho såg.

– Det hadde vore til stor hjelp om denne bilføraren, eller andre som såg kva som skjedde sekunda før smellen, vil ta kontakt.

Var du vitne? Kontakt Midtsiden (på 90789270) så får du telefonnummeret til bilføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.