Lokal | 30. okt. 2016

Etterlyser vitne etter slåstkamp

Ein av partane hamna på legevakt og måtte sy i hovudet.

Etterlyser vitne etter slåstkamp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. okt. 2016 08:16

Klokka 02.50 natt til søndag fekk politiet melding om slåstkamp ved Os Taxi sin haldeplass.

Då patruljen kom til staden var ein av partane frakta til legevakt for å sy og lima eit kutt i hovudet.

– Vi har snakka med begge partar. Også den andre parten er lettare skadd, men trengte ikkje assistanse frå helse.

Politiet har ikkje oversikt over kva som har skjedd. Vitne på staden «ville ikkje eller kunne ikkje» seia mykje om kva som hadde skjedd.

– Saka blir uansett meldt og om det er nokon som fekk med seg episoden ønskjer vi at dei tar kontakt.

Risikerer bot etter bråk på Esso

Før slåstkampen ved rosjebua, klokka 00.50, fekk politiet melding om ein mann som raserte ei hylle og prøvde å stela frå Esso-stasjonen.

– Han hadde gått frå staden, men vi møtte ein som passa signalementet vi hadde fått. Vi tok han med for å matcha opp mot overvakingskamera, og mannen er meldt for å uroa offentleg ro og orden.

Mannen, som er i midten av 20-åra, hadde ikkje fått med seg nokre varer, så han kunne ikkje meldast for tjuveri, men risikerer likevel ei bot på 8000-10.000 kroner.

Etterlyser eigar av båt

I 17-tida laurdag fekk politiet melding om havari i ei hamn ved Moldgård.

– Ein større båt hadde gått ned, og vi visste ikkje noko om kor tid dette hadde skjedd, så brannvesenet hadde redningsdykkarar nede for å sjekka om det var personar i båten.

I etterkant viste det seg at det var nokre dagar sidan båten hadde gått ned, men ingen av naboane visste kven sin båt det er.

– Vi ber eigar ta kontakt.

Fekk to prikkar i Sperrevik

I 9.30-tida i går fekk ein mannleg bilist i 30-åra åtvaring etter at han køyrde fort i Industrivegen.

Politiet hadde ikkje måling, men det hadde dei halvannan time seinare, på ein annan bil i Sperrevika.

– Han køyrde aggressivt, men kom ikkje opp i så stor fart då han tok igjen nokre andre bilar.

61 km/t i 50-sona var likevel nok til 2900 i forelegg og to prikkar på førarkortet for sjåføren i 20-åra.

Køyrde inn i sentrum etter klokka 23

Politiet har òg hatt nokre stykkvise kontrollar og tatt eit skilt av ein bil på Hatvik.

– Denne var ikkje forsikra, noko vi er streng på.

Etter midnatt stoppa dei ei kvinne i 20-åra som køyrde inn i Os sentrum.

– Det er ikkje lov å køyra inn i sentrum etter klokka 23, med mindre du bur eller jobbar i sentrum.

Kvinna fekk ei åtvaring i staden for forelegg på 4200 kroner, som du elles får.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.