Magnus Brandseth, europameister i brassband og kjent frå TV-serien «Korpsfiksert», skal spela med 70 ungdomar i Oseana søndag. (Pressefoto)

Europameister skal blåsa med ungdomen

70 ungdomar frå tre kommunar på «treningsleir» i Os rundar av helga med konsert med Magnus Brandseth i Oseana.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag startar «Ung Blås» i Oseana.

Kvar haust inviterer Os Musikkforening musikantar frå skulekorpsa i Os, Fusa og Samnanger til tre dagar med samspel i stort korps. I år er over 70 barn og unge påmeldte til ei helg fylt med musikk, leik og nye spelevener!

Fredag ettermiddag møtest deltakarane til speling på Nore Neset Ungdomsskule.

Nye notar vert delte ut, alle får sin plass i orkesteret og vi går i gang med øving til det som skal bli ein feiande flott konsert i Oseana på søndag! Marius Fevang Thorstensen, til vanleg dirigent for Os skulekorps, skal leia ungdomane gjennom helga, og har saman med musikkutvalet i Os Musikkforening plukka ut eit repertoar som gjev utfordringar til dei ulike instrumentgruppene.

Laurdag vert storkorpset delt i fire grupper på føremiddagen med instruktørar til treblåsarane, lys messing, grov messing og slagverk. I tillegg får også dei yngre i korpsa eigen instruksjon og eigen dirigent på laurdag. Det er Tonje Hernes, fast dirigent for Nore Neset skulekorps, som leiar desse. Dagen vert lang, og mat skal vi også få, men både hovud og lepper er godt slitne når ein spelar frå ti til fem!

Søndag møtest musikarane til generalprøve i Oseanasalen, og så vert helga avslutta med ein feiande flott konsert! Musikken vi får høyre spenner vidt og vil passe for alle musikkglade!

Solist på konserten er ein av våre beste tubaistar, Magnus Brandseth.

Han er frilansmusikar, europameister i brassband og ein ettertrakta solist.

Magnus har vore medlem i elitekorpset Eikanger-Bjørsvik musikklag sidan 1999, og var i den forbindelse også ein av hovudpersonane i TT-serien «Korpsfiksert» på NRK. I tillegg er Magnus ein ettertrakta dirigent mellom anna for Os Musikkforening.

Velkommen til konsert på søndag!
Os Musikkforening

Stad: Oseanasalen
Tid: Søndag 17. september kl 14.00
Billettsal i døra (kontant og Vipps)