Kultur | 21. juni 2017

Eurosport vil dekka Os - Lysekloster!

Eurosport kjem til Kuventræ for solid dekning av lokaloppgjeret i august.

Eurosport vil dekka Os - Lysekloster!
Os - Lysekloster lokker alltid mykje publikum, som her, i NM 2016. Oppgjeret i august blir filma som om det var eit oppgjer i Eliteserien. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. juni 2017 13:26

Søndag 20. august er det duka for derby i 3. divisjon. Os, som tapte 2-0 borte for Lysekloster i vår, tar imot Lysekloster, som i skrivande stund leier serien.

• Les òg: Bataljen i Lysefjorden

Når dei to brakar saman blir kampen dekka av Eurosport Norge.

– Vi har nettopp fått stadfesta at Os - Lysekloster går inn i programmet til det dei kallar Supersøndag, fortel dagleg leiar og høgreback i Os Fotball, Endre Brenne.

Tilsvarande dekning som Eliteserien

Eurosport har seks supersøndagar i løpet av sesongen. Når det er Supersøndag viser dei ein breiddekamp (3. til 8. divisjon) og sender hovudkampen (Eliteserien) på TV Norge, i staden for på Eurosport Norge.

– Eurosport kjem til Kuventræ med TV-trailer, seks kamera og reportarar. Dei dekker kampen som om det var ein kamp i Eliteserien.

Os - Lysekloster blir, for å tilpassa seg Eurosport, flytta frå laurdag 19. til søndag 20. august (kl 15).

– Ikkje berre er vi svoltne på revansje, vi håper at eit stort publikum vil bli med på å laga stemning på tribunen, seier Brenne.

• Les òg: Sånn blir Eliteserien på Discovery (ekstern lenkje)

Same dag sender Eurosport Norge eliteseriekampane Viking - Brann (kl 18) og Rosenborg - Haugesund (kl 20).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.