Eva Weel Skram kjem til Vinnesfestival 2017. (Foto: Stine Raastad)

Eva Weel Skram til Vinnesfestival

Dei tidlegare Idol-finalistane Eirik Søfteland og Eva Weel Skram er begge på programmet til årets Vinnesfesival.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Mens marknadsdagane går for fullt i Os sentrum siste helga i juni, er det full fest over fjorden.

På idylliske Vinnesholmen er det festival frå torsdag til søndag, med spesielt tett program om laurdagen.

Etter LAN torsdag og rusfritt ungdomsarrangement fredag, parallelt med sankthansfeiring og gamaldans - er det aktivitetar og musikk på Vinnesholmen frå formiddag til natt laurdag.

Eirik, Heine og Eva på scenen

Eirik Søfteland og Innertier speler gratiskonsert på dagtid. På kvelden kjem Eirik tilbake, både som første- og sistemann på scenen.

Etter at Eirik har opna showet skal Heine Totland på scenen. Så står Eva Weel Skram for tur.

Eva er kjent frå bandet «Eva & the Heartmaker», frå finalerundane i Idol i 2005 (året Jorun Stiansen, Tone Damli Aaberge og Alejandro Fuentes utgjorde topp 3), og var i 2015 blant musikarane som utgjorde «Hver gang vi møtes» på TV2.

Vinnesfestival 2017 blir avslutta med konsert med Gabriel Fliflet og Jorun Marie Kvernberg i bedehuset søndag ettermiddag.