Lokal | 29. aug. 2015

Evakuert etter burning

Svidd gummi i kjellaren sette AMFI Os ut av drift eit kvarter laurdag ettermiddag.

Evakuert etter burning
Amfisenteret blei tømt for kundar, tilsette og  politikarar på stand laurdag ettermiddag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. aug. 2015 15:02

Laurdag i 15.50-tida gjekk brannalarmen på Amfisenteret.

– Vi fekk tidleg melding om at det ikkje var brann, men vaktlaget rykte uansett ut for å sjekka, seier Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Heile senteret, med politiske parti på stand, måtte evakuera.

Burning tømte senteret

Årsaka til at alarmen blei løyst ut var ikkje svidde Frp-vaflar, men svidd gummi.

– Folk fekk sleppa inn igjen på senteret rundt klokka 16.10. Årsaka til at alarmen gjekk er truleg burning i parkeringskjellaren, seier Håvardstun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.