
Evakuerte Irisgården
Både politiet og dei andre leigetakarane og bebuarane i Irisgården måtte evakuera bygningen tysdag morgon.
- Alarmen blei utløyst i Janusbutikken og kimte i heile Irisgarden, fortel varabrannsjef Arne Monsen.
Det var ingenting å sløkka, men ein del røyk i ull-butikken.
- Noko plast hadde smelta på ein kaffitraktar, fortel lensmann Rasmus Dalen om årsaka til røykutviklinga.
Brannvesenet stilte opp med vifte som no bles røyken ut av butikklokalet.
Eitt forelegg
Måndag kveld gjennomførte lensmannskontoret ein trafikkontroll ved Storestraumen på Søfteland.
- Vi kontrollerte 25 bilar, noko som resulterte i eitt forenkla forelegg, fortel lensmann Dalen.
Rus og uønska ungdom
I femtida måndag ettermiddag fekk politiet inn melding om rusa personer i Os sentrum.
- Dei hadde kome seg vidare før patrulja kom til staden, seier Dalen
Seinare på kvelden var patrulja på farten igjen då dei måtte bistå ein huseigar i Os sentrum som fekk besøk av nokre ungdommar han ikkje ville ha inn i leiligheta.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no