midtsiden

Evakuerte på 4 minutt

Då alarmen gjekk på Ravneberghaugen tok det berre fire minutt å få pasientar og personale ut.

Av: Andris Hamre Mandag, februar 7, 2011 - 12:40

Den automatiske brannalarmen gjekk på Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter litt før kl 11.30 måndag førmiddag.

Då brannvesenet kom til staden hadde personalet tømt bygningen på berre fire minutt.

- Det var ein feil i sprinkleranlegget som løyste ut alarmen, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Gode rutiner
Brannsjefen er godt nøgd med innsatsen personalet på Ravneberghaugen viste då alarmen gjekk.

- Det er positivt å sjå at rutinane fungerte så godt som dei gjorde her ute, skryt Gjøsund.

- No må dei berre få tak i ein servicemann som kan gå over sprinkelanlegget så dei slepp fleire falske alarmar, avsluttar brannsjefen.

Ravneberghaugen rehabiliteringssenter er ein privat stifting med tverrfagleg spesialisert rehabilitering av 32 døgnpasientar innan ortopedi, skadar, kreft - og hjerteliding. Dei har òg 6 plasser til dagrehabilitering for pasientar med skadar eller lidingar i muskel/skjelett–systemet.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11