Merethe har "ei gamal teaterutdanning", noko som er til stor hjelp når du skal halda på førsteklassingar si merksemd i rundt ein time. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Eventyrleg i biblioteket

Etter nyttår startar førsteklassingane med eventyr som tema. Også i år får alle ein flying start på Os folkebibliotek.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Torsdag, januar 26, 2012 - 10:59

 

– Eg har ei gamal teaterutdanning og så er eg veldig glad i bøker og i eventyr, seier Merethe Gauden.

I går var Merethe, som også er bibliotekar i Kvam, i Os igjen for å snakka om eventyr og for å fortelja eventyr til førsteklassingar frå Os.

– Dette er eit veldig kjekt bidrag frå «den kulturelle skulesekken», seier bibliotekar i Os, Elisabeth Tøsdal.

– Alle førsteklassingane i Os er innom tidleg på året og får ein kjekk start på temaet dei no skal arbeida med i skulane. 

Onsdag var det førsteklassingane frå Søfteland og Søre Øyane sin tur.

Dei sat som lys, men engasjerte seg også då Merethe spørte dei spørsmål eller bad om hjelp.

– Dette har ungane sett veldig fram til, og dei var veldig flinke, synes lærar Hilde Vedholm frå Øyane.

– I vekene som kjem skal vi både sjå film og lesa eventyr. Om også vi skal laga teater er førebels ikkje bestemt.

VIDEO (06:24): Sjå delar av presentasjonen av biblioteket og sjølve eventyrstunda onsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

 

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Ungane sat som lys i over ein time. (Foto: KVB)

Ungane sat som lys i over ein time. (Foto: KVB)