Sport | 11. nov. 2010

Eventyrleg MX-opning

Fleire hundre sto torsdag morgon i kø for å oppleva den nye MX Sport-butikken på AMFI Os.

Eventyrleg MX-opning
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. nov. 2010 09:28

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Klokka 9 i dag opna dørene i den nye MX Sport-butikken på AMFI Os. MX Sport har flytta frå 500 kvadratmeter i eit av nabolokala til ein 900 kvadratmeter stor nyinnreia butikk der Prix tidlegare heldt til.

Les òg:
Blir dobbelt så stor

Allereie tjue minutt før opning sto køen rundt rulletrappa og bort til Eurospar, då startskotet gjekk hadde køen vakse bort til Musikkverket.

20 og 20 blei sendt inn i puljer. Ein halvtime etter opning var det 120 i butikken og minst dobbelt så mange i kø utanfor.

I mål før midnatt
Laurdag 6. november var siste opningsdag i den gamle butikken. Lokalet hadde blitt utvida fleire gongar sidan opninga midt på 90-talet, men no var det på høg tid med større plass.

Arbeidet i nytt lokale starta i september, denne veka kom alle varene på plass i sine avdelingar.

- Vi hadde god kontroll på innspurten og kunne overraskande tidleg seia oss klar til opning, seier medeigar og marknadssjef Jan Frode Skeie.

- Rundt midnatt i går var alt klart, takka vera lange dagar og stor entusiasme hos mange tilsette og andre hjelparar kom vi i mål før midnatt onsdag.

- Eit fantastisk tilbod
Mange tilsette, både frå Os og dei tre andre butikkane Skeie-familien er medeigar i, var saman med fleire leverandørar på plass på opningsfesten for å ta hand om dei mange kundane.

- Alle leverandørane har stilt med sine knallprisar, så det er mykje som lokkar i dag, seier Jan Frode.

Svensken Peter Antonsson, som flytta til Os for seks år sidan, er ein av dei som slo til.

- Det er mange gode rabattar, men butikken i seg sjølv er også eit fantastisk tilbod til osingane, seier han, med sykkelen full av varer.

- Det blei både sykkel, ski og ein del klede. Noko til meg og noko skal bli julegåve, seier Antonsson.

Noko av det som er nytt:
• Utviding frå 500 til 900 kvm
• Vestlandets første Skogstad «brand store»
• Eigen Bergans-avdeling på 100 kvm
• Friluftsavdeling med «test-terreng» og våpenvegg
• Stor, ny sykkelverkstad med eigen port

SJÅ VIDEO FRÅ BUTIKKEN OG OPNINGA:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.