Kultur | 08. apr. 2014

Everett og Aksnes til Osfest

Jace Everett, kjent for True Blood-melodien «Bad Things», kjem til Os. Også stjerneskotet Aurora Aksnes er klar for Osfest.

Everett og Aksnes til Osfest
Aurora Aksnes og Jace Everett kjem til Osfest 2014. (Foto: KVB/pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. apr. 2014 12:51

Den amerikanske countrymusikaren Jace Everett kjem til Osfest 1. og 2. august.

Everett, som fyller 42 år i mai, er mest kjent for kjenningsmelodien til vampyr-serien True Blood, «Bad Things».

– Det krev litt ekstra å få amerikanske artistar til Os, men eg møtte Everett på Svalbard og har halde dialogen med han sidan, seier musikar og festivalarrangør Ole Reinert Berg-Olsen.

Everett er dessutan med på vokal på ei av låtane som kjem på ORBO sitt album til hausten. Låta heiter «Evil Friends», men Jace er ikkje dårlegare kamerat med Ole enn at han kjem til Osfest.

– Jace har fått eit godt namn i Europa og har dei siste åra spelt på fleire kule stadar i blant anna Spania og England. Når han kjem til Os er det med fullt band.

Den amerikanske musikaren er tidlegare prest og kom i haust med sitt femte album, «Terra Rosa», der han tar eit oppgjer med bibelen og kristlege tema. Så får vi sjå om det er passande innhald når Everett speler på festivalenområdet, som ligg midt mellom Os kyrkje og prestegarden.

Aurora på heimebane

Aurora Aksnes frå Os blir også å høyra på Osfest.

Aurora fekk terningkast 6 av VG etter ByLarm og spelte i mars på direktesendt TV for første gong.

– Vi har vore interesserte i å booka Aksnes ei stund, endeleg er det i boks, seier Berg-Olsen.

– Det er også fleire som har spurd om ikkje vi får ho til festivalen, så dette trur eg det er mange som gler seg over.

Frå før er Dumdum Boys, Bigbang, Eirik Søfteland, Jim Stärk, Pogo Pops, Gina Aspenes, Valkyren Allstars, Steinar Albrigtsen, Jørn Hoel og Green Granadas klare for Osfest.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.