
«Få meg frisk»
Det blei det dokumentar av.
Svaret fekk han då han følgde ME-sjuke Anette Gilje gjennom tre år og hennar kamp om å kome seg ut av det mørke rommet for å finna nøkkelen til kva ME er og korleis ein kunne bli frisk.
Fredag klokka 17.30 blir dokumentaren vist under WT-Festivalen.
Etter visninga samlast regissøren, hovudpersonen og tilskodarane til refleksjonar i kjellaren på Fjellheim.
Strøm-Erichsen takka nei
Refleksjonane rundt filmen og ME-sjukdommen vil Pål Winsents og Anette Gilje i hovudsak stå for, men dei håpar òg på innspel og kommentarar frå dei som har sett filmen.
- WT-Festivalen har invitert helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen til visninga, men ho har igjen takka nei, fortel regissør Pål Winsents.
Det er tredje gongen helse- og omsorgsministeren har fått tilbodet om å sjå filmen.
- Eg synest det er litt rart at det aldri passar. Ho kunne jo berre tatt eit tidlegare fly heim fredagsettermiddagen, seier Winsents.
Tenk positivt...
Filmen tek mellom anna opp den norske behandlingsmetoda kor ein meiner at kroppen sjølv ordnar ME-sjukdommen, men at hjernen ikkje har skjønt at kroppen er frisk.
Anbefalt terapibehandling i Noreg er difor at en skal tenke positivt godt hjulpen av gradert trening og kognitiv adferdsterapi.
I Belgia og USA meiner leiande ekspertar at ME kan koma av kroniske infeksjonar, tungmetallforgiftningar og ymse typar intoleranse som har svekka immunforsvaret og at rett behandling difor er medisinar saman med vitaminar, mineralar og riktig kosthald.
- Det aller siste er at det kan væra eit retrovirus, ikkje ulikt HIV-viruset, som kan forårsaka sjukdommen, fortel Winsents.
- Om ytterligare forskning viser at dette stemmer, så må nok den norske behandlingsforma revurderast, seier regissøren.
Testa positivt
Pål Winsents har følgt Anette Gilje og andre med ME gjennom tre år. I samband med filminga fekk han førespurnad om han kunne tenke seg å være med i ei kontrollgruppe av friske menneskje.
- Eg blei teste, og dei dyrka fram bakteriekulturen i blodet mitt, fortel Winsents.
Prøvane var fine, men då dei analyserte antistoffane i blodet til Winsents viste det seg at han testa positivt på det retroviruset som dei amerikanske forskarane trur forårsakar ME.
- Amerikanske studier visar at 4-7% av den friske befolkninga har dette i kroppen så eg lever godt med det, men det er klart eg fekk eit sjokk med det same, fortel Winsents openhjertig.
- Eg har fått beskjed om å ikkje ta vaksine, eta sunt og ikkje gå på akkord med med sjølv, så eg er ikkje så bekymra, seier Winsents.
Fjerde dokumentaren
Årets besøk på WT-Festivalen er fjerde gongen Winsents kjem til Os med ein «helse- og omsorgsdokumentar».
Det heile starta med «Jenta frå Oz» (2006) der Winsents følgde niesa si gjennom dei ti første leveåra, etterfulgt av «Problembarna» - ein film om barneheimsbarn (2008) og «Værekraft» - om den blinde artisten, kunstnaren og foredragshaldaren Anne Margrethe Lund (2009).
- Kva er det som gjer at du har valgt denne "sjangeren" av dokumentarar?
- Dei heile starta jo med niesa mi og hennar handicap. Så var det nokon som hadde sett den og som lurte på om eg ikkje kunne laga ein film om barnevernsbarn og slik har det gått slag i slag, fortel regissøren.
- Det er givande og mykje engasjement i disse sakane. Det å få komme bak fasadane og så tett innpå menneskja eg skildar er det som driv meg.
- Når eg går i gang med disse prosjekta har eg eit 3-4 års perspektiv noko som gjer at eg får ta del i deira oppturar og nedturar på ein ganske unik måte, avsluttar den engasjerte filmskaparen.
Kva er ME?
Myalgisk Encefalopati, (ME), er ein nevrologisk sjukdom med sterk tendens til å bli kronisk. I 80% av tilfella startar sjukdommen akutt etter ein infeksjon, men ME kan også bli utløyst av vaksinar eller miljøgiftar, eller utvekle seg gradvis. ME kjenneteknast spesielt av hurtig trettbarhet i muskulatur og sentralnervesystem ved minimal aktivitet og anstrengelse, og unormal lang restitusjon av muskelstyrke og intellektuell kapasitet. Tap av utholdenhet. (kilde: Norges ME-Forening)
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
