Elise Hjelle, her i førre bortekamp mot Bjørnar, blei toppskårar med 9 mål (foto: Andris Hamre)

Få, men gode

Åtte spelarar sikra solid siger over Bjørnar. - Dette var ein skikkeleg god lagsiger, seier trenaren.

Av: Andris Hamre Onsdag, februar 22, 2012 - 09:31

Handballdamene til Os speler på to arenaer om dagen. I 2. divisjon for å sikra andre plassen i serien og i 4. divisjon kor dei kjempar om opprykk.

- Vi hadde mykje å spela for tysdag kveld.

- Med siger ville vi ta eit nytt viktig steg for å sikra oss andre plassen i serien, seier trenar Torbjørn Bøthun.

Os ligg etter 26-24 sigeren over Bjørnar 2 på andre plass seks poeng framfor Fyllingen, men har ein kamp meir spelt. Dei to laga møtast i Oshallen til det som kan bli den avgjerande kampen laurdag 10. mars klokka 16.00.

Jobba kollektivt

For å ha spelarar nok til det viktige toppoppgjeret mot Tertnes i 4. divisjon førstkommande torsdag klokka 2015 i Oshallen hadde trenarteamet berre med seg åtte spelarar til Bjørnarhallen.

- Vi blei einige før kampen at alle måtte ta ansvar og jobba kollektivt for kvarandre.

- Det tok litt tid før vi kom i gang, men etterkvart fekk vi justert forsvaret og kunne kontra inn eindel enkle mål som følgje av godt forsvar, forklarar Bøthun.

I den perioda gjekk Os frå 8-6 til 16-6 fram mot pause.

Held fram med kontringar

I pausen var laget einige om å ikkje invitere Bjørnar inn att i kampen, men å halda på den høge konsentrasjonen og intensiteteten.

- Det klarte vi!

- Jentene viste til tider veldig flott handball, med eit aggressivt forsvar som resulterte i mange gode kontringar.

- Når Eva (Kristiansen, journ.mrk) i tillegg redder tre av fire straffer måtte det berre gå vegen, smiler trenaren.

Sjølv om konsentrasjonen fell litt dei siste minutta er det aldri fare for at Bjørnar skal henta inn leiinga.

- Dette var ein skikkeleg lagsiger kor alle utespelarane kom på skåringslista, avsluttar Bøthun.

Toppskårar blei lynvingen Elise Hjelle med 9 mål.

Bjørnar 2-Os 36-24
Os sitt lag: Eva Kristiansen, Tonje Hjertnes, Line Hjelle, Line Borsholm, Madeleine Hjertnes, Hilde-Kristine Røttingen, Trine Balland og Elise Hjelle.

SJÅ TABELLEN

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11