Fann amfetamin på ransaking
Politiet var på ransaking i Os i går. Dei fekk også melding om rusa mann i sentrum og burning på Meny.
Etter avgjerd frå jurist var politiet i Os i går på ransaking på ei adresse.
– Vi fann cirka fire gram amfetamin, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Mistenkte er ein kjenning i 20-åra.
Rusa mann fjerna frå sentrum
Torsdag litt over klokka 17 fekk politiet melding om rusa mann i Os sentrum.
– Vi fann han ikkje, men møtte han seinare på kvelden, i 19.30-tida.
– Han blei kjørt heim. Eg trur han synest at det var ei grei løysing sjølv også.
Svidde dekk
I 23.30-tida fekk politiet melding om burning på parkeringsplassen til Meny.
Politiet var opptatt og fekk ikkje sjekka opp dette tipset.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.