Lokal | 28. nov. 2015

Fann båt som kan vera stolen

Båt på hengar, ribba for verdiar, står plassert i Mørkevågen.

Fann båt som kan vera stolen
Båten er funnen på land ved Mørkevågen på Lepsøy. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. nov. 2015 08:53

Fredag fekk politiet melding om ein båt som, grunna tilstand og plassering, kan sjå ut til å vera stolen.

– Båten står på hengar i Mørkevågen på Lepsøy, seier Eivind Hellessund, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Båten er ein Skibsplast 550 meg beige kalesje. Utanbordsmotoren ser ut til nyleg å ha vore fjerna.

– Meldar håper eigar melder seg og seier at båten blir begjært fjerna om den blir ståande fleire dagar.

Politiet har avskilta nokre bilar i går, men elles hatt ein roleg fredag og natt til laurdag i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.