Lokal | 24. feb. 2017

Fann bevisstlaus mann i banken

Politiet måtte bryta seg inn i dei låste lokala til Sparebanken for å hjelpa ein mann som låg på gulvet.

Fann bevisstlaus mann i banken
Politiet og ambulansen rykte torsdag kveld ut til sparebanken sine lokaler i Os sentrum (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 24. feb. 2017 08:21

Forbipasserande observerte mannen som låg på gulvet inne i minibankområdet til Sparebanken Vest i Os sentrum torsdag kveld i 21-tida, men klarte ikkje hjelpe han sjølv, då dørane var låste.

– Dei varsla oss, slik at patrulja kunne ta seg inn i lokalet kor mannen låg, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Fekk tilsyn og blei køyrd heim

Grunnen til at mannen i 20-åra låg på bakken er uviss, men politiet har mistanke om ruspåvirking.

– Vi fekk han etterkvart på beina og han blei sjekka av helsepersonell før han blei køyrd heim, seier Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.