Lokal | 26. mai 2015

Fann delar av stolen moped

Mopedskilt og mopeddelar er funnen, men sjølve mopeden er framleis borte.

Fann delar av stolen moped
Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy.
Kari M. Lyssandtirsdag 26. mai 2015 07:39

Måndag fann politiet mopeddelar ute ved ei adresse nord for Os sentrum.

– Blant delane vi fann var mopedskiltet, og etter å ha sjekka opp i det viste det seg at delane stamma frå ein moped som er meldt stolen, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mopeden blei stolen frå Varåsen torsdag i forrige veke.

– Sjølve mopeden er førebels ikkje funnen og vi har så langt ikkje nokon mistenkt i saka.

Har du tips i saka kan du kontakta Os lensmannskontor på telefon 56 30 39 00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.