Lokal | 16. mai 2017

Fann elgspor i Os

– Er det nokon som held ap med meg, eller har det kome elg i Askvik? spør ein turgåar.

Fann elgspor i Os
– Dette er ikkje spor etter hjort, seier leiar i Os Jakt og Fiskelag om bildet turgåaren tok på Høglikampen i går. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. mai 2017 08:17

Bildeserie:

1 av 2

Ein turgåar delte i går eit bilde av eit spor han la merke til på veg til Høglikampen.

«Fleire slike spor sett i relativ hard jord på veg opp mot høglikampen. Hjorten lager ikkje sånne. Er det nokon som held ap med meg, eller er det komen elg i Askvikjo?» skriv han, og får fleire svar.

Enkelte lurer på om det kan vera hjort eller ei ku, nokre seier det har vore elg i Os, Fusa og Samnager fleire gongar - mens andre seier dei no skal slutta å gå tur i skogen.

Sist Midtsiden skreiv om observasjonar av elg i Os var i 2011.

• Les òg: Fleire har sett elg

– Det er ikkje hjortespor

Leiar i Os Jakt og Fiskelag, Hogne Markhus, seier han la merke til bildet på Facebooki går.

– Kan sporet vera noko anna enn elg?

– Eg veit ikkje, men det er ikkje hjortespor han har tatt bilde av. Hjorten set berre spor med klauvane, her har du dei to karakteristiske prikkane bak, frå biklauvene.

Markhus vil sjølv ta seg ein tur på Høglikampen i dag for å sjå.

– Kan elg få konsekvens for hjortebestanden og jakta i Os?

– Dette er nok uansett eit streifdyr. Vi ser at hjorten trekk austover og meir elg kjem vest, men eg veit ikkje korleis dei vil påverka kvarandre. Det skal nok uansett ein del dyr til før dei konkurrerer mot kvarandre på noko vis.

Følgde sporet 30 meter

Turgåaren fortel at han såg det første sporet cirka hundre meter forbi vassverket og der traktorvegen startar på veg opp mot Høglikampen.

– Spora strekte seg vel 30 meter oppover før dei forsvann.

– Det har vore ein relativt tørr periode, så å setja trykk i den jorda krev si vekt, trass i at spora var små og smale til elg å vera. Eg vil tru at det er eit ungdyr på streif.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.