Lokal | 22. juli 2014

Fann flåte fylt med boss

Båtfolk varsla om flåte fylt med boss, fortøydd til stake utanfor Lekven. Brannvesenet ber om tips for å finna eigar. (OPPDATERT)

Fann flåte fylt med boss
Flåten med boss blei slept inn i Lekvenvågen. No ber brannvesenet om tips så eigar kan henta flåten. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. juli 2014 21:49

Tysdag blei det observert ein flåte fortøydd i ein stake på eit skjer utanfor Lekvenvågen.

Flåten er fylt med boss.

– Vi kjørte ut med Unik-båten og taua flåten til land i Lekvenvågen, fortel Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

– Det er mykje boss på flåten, ein del av det ser ut til å stamma frå ein byggeplass. Noko av bosse hadde byrja å ramla av.

No håper brannvesenet, på vegne av Os kommune, at eigar melder seg og hentar flåten.

– Vi veit førebels ikkje kven sin denne er, men har høyrd nokre rykter. Om nokon har tips til kvar denne flåten har lagt, eller kven som eig han, er vi glad om dei ringer oss på vaktummeret.

OPPDATERT:

Tysdag klokka 16.30 fekk politiet melding frå ein som sakna flåten sin. Seint tysdag kveld var flåten tydlegvis funnen og henta av eigar.

– Det viser seg at det truleg er lokale heltar som eig denne. Vi er glad for at bosset ikkje blei kommunen sitt problem, seier Håvardstun onsdag.

Brannvesenet hadde sikra den med ein dregg som er deira, den har dei no vore ute og henta.

– Vi har førebels ikkje snakka med eigar, men oppmodar vedkomande å sikra bosset betre, og gjerne melda ifrå til oss eller politiet når ein så spesiell farkost blir fortøydd på denne måten.

Midtsiden har fått tips om at flåten har vore brukt utanfor Vargavågen i lengre tid, i høve oppussing av nokre større trebåtar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.