Lokal | 06. aug. 2017

Fann ordføraren sin stolne båt

Då han endeleg fann den stolne motoren sin, sto den på ordføraren sin stolne båt.

Fann ordføraren sin stolne båt
Eit merke i baugen og ein skiftenøkkel om bord gjorde at ordføraren straks kjente igjen bildet ho fekk tilsendt. (Foto: Politiet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. aug. 2017 17:15

Eit offer for båttjuveri har på under eitt døgn funne tre stolne varer.

– Først såg eg ein båt med ein motor som liknar på min, fortel eigar, som ikkje vil ha namnet sitt i avisa.

Gummibåten og motoren hans (Yamaha 9,9 hk) blei stolen frå Halhjem i starten på juli. Seint fredag kveld fann han motoren på ein nyare gummibåt som låg til ei gjestebrygge i Os hamn.

Han tok dekselet av motoren og såg koplingar han sjølv hadde laga då han reparerte båten tidlegare i år.

– Handtaka på boltane som festar motoren til båten var fjerna, så eg slepte med meg heile båten, for å sikra meg at motoren, som eg har sett etter i ein månad, ikkje skulle bli vekke igjen.

Festa til ordføraren sin båt

Då motoreigar hadde kome seg vekk med påhengsen, og båten den var festa til, ringte han til Midtsiden.

– Eg hadde mistanke om at også båten var stolen, og lurde på om lokalavisa visste om nokon sakna ein Quicksilver gummibåt.

Underteikna kunne fortelja om båttjuveriet i Øyane, som blei meldt tysdag denne veka.

– Eg ringte til politiet og forklarte at eg hadde funne motoren min, og tatt med meg ein båt som ikkje var min, men truleg var stolen. Dei stussa litt først, på forklaringa om kvifor eg hadde slept med meg båten, men forsto det til slutt.

Politiet møtte motoreigaren og tok bilde av båten.

Eigar, ordførar Marie Lunde Bruarøy, kjente den igjen, blant anna på eit merke i baugen og på ein skiftenøkkel som låg om bord, og har laurdag kveld fått båten heim.

– Vi kjøpte båten til ungane for eit par år sidan, då vi var lei av at vanlege leike-gummibåtar blei så lett øydelagde. I år hadde vi tenkt å kjøpa motor til den, så ungane kunne få øva seg, så dei var veldig skuffa då vi kom heim frå ferie og båten var vekke, fortel Marie.

Ho hadde ikkje venta at denne formen for tjuveri let seg oppklara så lett.

– Eg er veldig takksam for at tips frå motoreigar, og for at politiet tok kontakt med éin gong, seier Bruarøy, som no skal vaska båten og få den klar til bruk.

... så fann han sin eigen båt

Seinare laurdag kveld, på veg frå Os til Halhjem i båt, fann motoreigar også sin eigen båt igjen.

– Den låg til land, berre nokre hundre meter frå der den blei stolen. Det ser ut som om tjuvane berre har slept den vekk for å ta motoren, og seinare har funne seg ordføraren sin båt.

– Både båten min og motoren har vore stolen éin gong før. No er eg glad for at begge delar er funnen, i tillegg til Marie sin.

Det er førebels uvisst om politiet har nokre mistenkte i saka.

(PS! I desse svane-tider er det nesten forventa at nokon vil prøva å konspirera gummibåten inn i Hamnesjefen-saka. Vi håper dei ikkje blir altfor skuffa når vi fortel at dette er ein annan båt enn den 16-åringane køyrde i, timar før svana blei avliva).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.