Lokal | 23. mai 2015

Fann post og narkotika

Mogleg ruskøyring førte til funn av stole post og narkotika. Tre stal éin moped.

Fann post og narkotika
Politiet stoppa kvinna i sentrum (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 23. mai 2015 10:14

I kvart på fire-tida natt til laurdag stoppa politiet ein bilførar i Os sentrum mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand.

– Kvinna i 20-åra hadde ikkje førararkort og blei mistenkt for køyring i rusa tilstand.

– Ho blei tatt med til utvida blodprøve, fortel politioverbetjent Kenneth Rastad ved Os lensmannskontor.

Funn under ransaking

Kvinna er tidlegare domfelt og patrulja fann grunn til å ransaka bustaden hennar.

– Der fann vi stole post og det som truleg er narkotika.

– Kvinna blir meldt både for ruskøyringa og for desse tilhøva.

Tre med éin moped

På morgonsida laurdag blei tre personar med ein moped stoppa.

– Dei tre karane i 20-åra er ikkje heimehøyrande i Os.

– Mopeden dei hadde er truleg stole i Os sentrum i løpet av natta.

– Om dei har køyrd den eller dytta den er noko uvisst. Vi har fått litt uklare vitneobservasjonar, fortel Rastad.

Politiet har så langt ikkje kome i kontakt med mopedeigaren, men har mopeden, hjelm og køyrehanskar i si varetekt.

Dei tre karane er òg tidlegare domfelt og blir no meldt for enno eit tilfelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.