Lokal | 10. juli 2015

Fann sin eigen snegle-metode

June las om Snegleslukeren, og fann seg ei liknande løysing. Fangsten blei fiskefôr.

Fann sin eigen snegle-metode
På ein liten halvtime fanga June tre kilo med snegl - med ein billig støvsugar kjøpt på Biltema. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. juli 2015 08:48

June Garvik er ein av fleire som slit med store mengder brunskogsnegl i hagen.

– I år er det ekstra gale, det er heilt utruleg at det skal vera så mykje snegl på denne vesle øya, seier June, som bur på Sundøy.

I juni skreiv vi om Snegleslukeren, ei oppfinning frå Lysefjorden, ein patent June blei nysgjerrig på.

– Samtidig lurte eg på om ikkje det gjekk an å gjera dette på ein billigare måte, det er jo så mange billige støvsugarar å få kjøpt.

Suger vatn - og sneglar

Turen gjekk til Biltema og der fann fru Garvik ein billig, poselaus støvsugar som også kan suga vatn.

– Ikkje går den på batteri og ikkje kan eg ta den på ryggen, sånn du kan med Snegleslukeren. Men den er lett å bera og med skøyteledning får eg god nok rekkevidde.

Prisen er på rundt 300 kroner.

– Eg har tidlegare plukka snegl kvar einaste kveld. På ein liten halvtime fekk eg no tatt tre kilo med snegl. Det var utruleg deilig å sleppa å gå og bøya seg, synest June.

Fangsten hamna i fjorden

I motsetnad til Snegleslukeren, som effektivt kastar sneglefangsten rundt i ei miljøvenleg blanding som tar livet av sneglen, blei Garvik sin fangst liggande levande i støvsugaren.

– Fangsten tømte eg utfor kaien, og då blei det liv i sjøen, seier June, og viser til ein annan oppfinnar-sak Midtsiden skreiv om i juni, Jonny Møgster sitt fôringssystem for leppefisk.

– Leppefisken var heilt vill etter brunsnegl. No var det ikkje fôr, men sjølve fôringssystemet, Møgster fann ei løysing på. Og eg reknar ikkje med at Jonny er interessert i å ha sneglar i fôringsautomaten, men eg lurte faktisk på å ringa og tipsa han om «gjenbruk» av snegl, eit potensiale for at den kan gjera nytte for seg, ler June.

Ho har kjøpt nokre ekstra filter, men trur ikkje at støvsugaren skal vara år etter år.

– Prisen på støvsugaren er så låg at eg kan kasta han etter sesongen og kjøpa ny neste vår. Når det er så mykje snegl som i år er det verdt nokre hundre kroner å sleppa å plukka ein og ein for hand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.