Lokal | 26. juli 2016

Fann skadd svane

Ei av knoppsvanene i Os går for halv maskin.

Fann skadd svane
Svane med skadd venge utanfor Lepsøy. Vil den klara seg utan å kunna fly? (Foto: Oddmund Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. juli 2016 07:27

– Svana låg på skjeret då eg kom, men reiste seg då eg nærma meg, fortel naturfotograf Oddmund Lunde.

Det er fleire knoppsvaner i Os enn «Hamnesjefen» med familie, som hekkar i Oselvo og stort sett held seg innanfor moloane i Os hamn. Blant anna er det eit par som hekkar i Hauglandssjøen.

– Då svanen reiste seg såg eg tydeleg at den var skadd i venga, den er truleg knekt.

Dette var på fredag. Lunde har ikkje varsla nokon eller sett svana sidan.

– Den såg elles frisk og fin ut og det er jo mogleg at den klarer seg greit utan å fly. Men det er nok verdt for folk i området å følgja med, at den ikkje lir.

Plikt til å hjelpa

Ifølgje lov om dyrevelferd har du plikt til å hjelpa om du kjem over eit dyr som er sjukt, skadd eller hjelpelaust på anna vis.

Mattilsynet skriv blant anna dette om lova:

• For viltlevende smådyr, som mus og fugler, er ofte den beste hjelpen å avlive dyret raskt og humant.

• Dersom du ikke har kunnskap eller evne til å gjøre dette selv, kan en veterinær avlive dyret uten kostnad for deg. Veterinæren får økonomisk kompensasjon fra staten for å yte nødhjelp til ville og eierløse dyr.

• Dersom du kommer over skadet eller sykt storvilt, er dette en sak for viltnemnda. Som storvilt regnes alle hjortedyr, villsvin, moskusfe, bjørn, ulv, jerv og gaupe. Politiet (telefon 02800) kan sette deg i kontakt med viltnemnda i din kommune.

• Ut fra viltlovgivningen er det som hovedregel forbudt å holde ville dyr i fangenskap. Det er likevel tillatt å ivareta syke eller skadde dyr en kort periode for rehabilitering.

Du kan få ansvaret

Tidlegare i juli skreiv vi om Dyrebeskyttelsen Hordaland, som blei nedringt av osingar som fann kattar som såg ut til å vera heimlause.

Om du driv og matar katar som du ikkje veit kven eig så kan ansvaret fort hamna på deg, både når det kjem til veterinær-rekninga og eventuelle ungar desse kattane får.

«Den som begynner å mate en eller flere katter, og dette antar et visst omfang, også må være bevisst på at de påtar seg omsorgsansvaret etter dyrevelferdsloven. Den som påtar seg et slikt ansvar, påtar seg også ansvar for fôring, stell, helsehjelp og annen oppfølging av katten og eventuelle ungekull. Med «et visst omfang» menes at katten oppfatter vedkommende som omsorgsperson og oppholder seg i nærheten med forventninger om å bli fôret» skriv Mattilsynet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.