Lokal | 21. apr. 2015

Fann stolen post hos mann i 30-åra

Politiet var på ransaking i Os etter at ein mann blei tatt med narkotika i lommene i Bergen.

Fann stolen post hos mann i 30-åra
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. apr. 2015 07:36

Ein mann i 30-åra frå Os blei måndag tatt med mindre mengder narkotika på seg i Bergen i går.

Det førte til ransaking av bustad i heimbyda.

– Vi fann noko stolen post i husværet hans, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

– Det er førebels for tidleg å seia om noko av posten er misbrukt.

– Lås postkassen

I haust var det fleire tilfelle av tjuveri av post i Os, noko ei kvinne blei dømt for på nyåret i år.

Den siste månaden har politiet fått fleire meldingar om post-tjuveri.

Det kan ta månadar før misbruket skjer. Politiet oppmodar folk om å låsa postkassane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.