Lokal | 21. juli 2017

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. juli 2017 07:44

Fredag morgon litt før klokka 8 blei ein bil observert på det som blir skildra som ei hasardiøs ferd mellom Os og Søfteland.

– Ei kvinne ringte oss klokka 08.07, cirka ti minutt tidlegare hadde ho møtt ein bil som kom på fire stive hjul gjennom ein sving mellom Os og Søfteland. Førar kjempa frå side til side for å retta opp i den, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Kvinna hadde retning Os, den aktuelle bilen køyrde motsett veg. Ein patrulje frå Fana rykte ut, men fann ikkje bilen. Politiet er interessert i tips om ein svart, eldre bil med spoiler.

Balanserte langs Halhjemsvegen

Torsdag klokka 12.15 fekk politiet melding om ein mann i bar overkropp som balanserte på autovernet langs E39 Halhjemsvegen.

– Mannen såg ut til å vera i 30-åra og framsto som rusa.Vi rykte ut, men møtte ingen.

Fann tjuvgods

I 17-tida var politiet på ransaking på ei adresse i Os, i samband med innbrot i ein garasje tidlegare i veka.

– Vi har kontroll på mistenkte, og det var ikkje hos mistenkte vi hadde ransakinga, men ei adresse vi hadde mistanke om at delar av tjuvgodset kunne vera.

Politiet fann noko av det dei håpa på å finna, blant anna ei motorsag.

Dumpa boss i nabolag

Det har kome klage på ulovleg dumping av avfall i eit nabolag på Søfteland.

To madrasser er blant det nokon har slengt frå seg.

– Vi hadde ikkje kapasitet til å sjå på dette i går, men vil sjå om vi kan hjelpa med å identifisera kven dette kan vera.

Høg musikk og ku i vegen

Klokka 23.25 fekk politiet melding om ku i vegen nokre hundre meter frå Hegglandsdalen barneskule.

Klokka 00.45 natt til fredag kom det melding med klage på støy frå ei adresse i eit nabolag sør for Os sentrum. Det har kome tilsvarande klagar på støy frå same hus fleire gongar tidlegare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.