Sport | 17. sep. 2017

Fantastisk rekruttering

Aldri har så mange 12-13 åringar vore med på Ungdomsmeisterskapet i roing.

Fantastisk rekruttering
Rekordstor deltaking i JC Mix-klassa (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 17. sep. 2017 08:09

Bildeserie:

Leiar i Os Roklubb Rolf Hustad gler seg over eit vellykka arrangement. Her i ferd med å hjelpa ein av utøvarane på land (foto: AH)
Leiar i Os Roklubb Rolf Hustad gler seg over eit vellykka arrangement. Her i ferd med å hjelpa ein av utøvarane på land (foto: AH)
God stemning i Sigurdsvikjo (foto: AH)
God stemning i Sigurdsvikjo (foto: AH)
1 av 2
Leiar i Os Roklubb Rolf Hustad gler seg over eit vellykka arrangement. Her i ferd med å hjelpa ein av utøvarane på land (foto: AH)
God stemning i Sigurdsvikjo (foto: AH)

Laurdag blei Ungdomsmeisterskapet i roing arrangert i strålande sol og nydeleg temperatur på Ulvenvatnet.

– Ungdomsmeisterskapet er det store meisterskapet for ungdom i alderen 13 til 18 år. I år har vi ei rekorstor deltaking med roarar frå store delar av landet, blant anna ei stor gruppe på 30 personar frå Ålesund, fortel Rolf Hustad, leiar i Os roklubb.

God rekruttering

Roarane ror i grupper Jr A til D ut frå alder.

– Det er to årstrinn i kvar klasse. Klasse D er for 10-11 åringane, C 12-13 åringane, B 14-15 og A for 16 og 17 åringane.

– Ein ting som gler eit rohjarte er å sjå den store C-klassa som er med her. For første gang har vi måtte gjennomføra både forsøk, semifinale og finale i JC Mix, kor gutar og jenter ror saman.

– Ein anna ting er den gode stemninga. Ulvenvatnet og Sigurdsvikjo er ein intim og fin arena, kor alle har god utsikt til banene og målstreken. Når vi får vêr som dette, så blir det berre fantastisk, smiler Hustad.

Over 100 utøvarar deltek i Ungdomsmeisterskapet.

Dei beste Os-resultata

Fleire av roarane frå Os var sjølvsagt også med i Ungdomsmeisterskapet og gjorde det bra.

I JC4x Mix rodde dei inn til 2. plass med Håvard Jacobsen Askvik, Johannes Kristian Klyve Forsbø, Lars Erik Vevatne og Linea Rådmannsøy Lunde på laget.

Lars Erik Vevatne og Håvard Jacobsen Askvik rodde også inn til 3. plass i JC2x.

Rett utanfor plassen kom Lars Moberg Haukeland og Erik Vaktskjold då dei tok 4. plass i JB2x.

I klassa for dei yngste roarane JD 1x, som rodde utanfor meisterskapet, tok osingane 2. plass med Marius Hustad Ottesen, 3. plass med Eivind Vevatne og 4. plass med Emil Heidal Haugland.

Roinga held fram på Ulvenvatnet også søndag. Då med Ulvenregattaen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.