Lokal | 02. sep. 2015

Får 10,9 millionar i tilskot

I fjor var ordføraren uroleg for veksttilskotet, i 2016 får Os kommune nesten 11 millionar kroner i veksttilskot.

Får 10,9 millionar i tilskot
Os rådhus. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. sep. 2015 06:45

– Er det ein trend med lågare vekst i 3. kvartal? undrast ordføraren då Midtsiden i fjor ba om kommentar til at Os, for første gong på 13 år hadde negativ folkevekst eit kvartal.

Han fortalte om veksttilskotet og resultatet for dei som ligg over 1,6 prosent folkevekst. Utrekninga er basert på ein modell som i grove trekk gjev 55.000 kroner per ekstra innbyggar for kommunar med meir enn 1,6 prosent vekst.

Men folketalet auka alle dei tre andre kvartala i 2014, vi blei 419 fleire innbyggarar i fjor mot ei vekst på 536 i 2013 og 416 i 2012.

I år har vi rekordstor folkevekst med 366 fleire innbyggarar første halvår.

- I 2015 hadde vi eit veksttilskott på 11,9 millionar kroner. No ligg vi på omtrent same nivå også i 2016 med 10,9 mill kr. Nedgangen på ein million skuldast noko lågare folkevekst i Os i 2014 enn året før, seier ordførar Terje Søviknes (Frp) i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Kan få heimkommunen inn på lista

Leiar i Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp) frå Austevoll, opplyser at regjeringa i sitt framlegg til statsbudsjett for 2016 reduserer terskelen for å koma med i ordninga frå 1,6 % vekst gjennom dei siste 3 år til 1,5 % vekst. I Hordaland betyr dette at Fitjar, Austevoll og Lindås, som i 2015 ikkje fekk vekstkommunetilskot, no er inne på lista.

Helge Andre Njåstad opplyser at vekstkommunane var ei gruppe kommunar med stort investeringsbehov grunna tilflytting, som ikkje kom godt ut med raudgrøn kommuneøkonomipolitikk.

- Difor styrka vi denne posten for i år frå 60 millionar under dei raud-grøne til nesten 400 millionar kroner.

Til neste år vil regjeringa foreslå å senka terskelen for å bli definert som vekstkommune ytterlegare. Det gjer vi for å setja kommunane i stand til å handtera den store veksten som krev investeringar i sosial infrastruktur som barnehagar, skular og eldreomsorg.

- Regjeringa sitt framlegg er godt nytt for Os kommune og våre innbyggjarar som skal ha gode tenester. FrP/H-regjeringa ser at vekstkommunane har særskilde utfordringar, og eg er veldig glad for at regjeringa leverer i form av dette verdfulle tilskotet, kommenterer varaordførar Marie Bruarøy (H).

- Vi kjempa hardt for å få på plass eit auka vekstkommunetilskot då vi fekk ny regjering etter Stortingsvalet i 2013, og FrP/H-regjeringa har verkeleg levert. Os kommune får med sine 10,9 mill kr i 2016 nest mest av alle vekstkommunane i Hordaland, avsluttar ordførar Søviknes.

Slik blir vekstkommunetilskottet i 2016 for Hordaland:
Fjell 13.027.000
Os 10.942.000
Askøy 8.709.000
Meland 7.481.000
Øygarden 2.178.000
Lindås 1.226.000
Sund 965.000
Sveio 810.000
Fitjar 278.000
Jondal 39.000
Austevoll 21.000

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.