Aurora og Benjamin Langeland under innspeling (foto: Stian Servoss, Flimmer Film)

Får 1,8 millionar til Aurora-film

Benjamin Langeland og Flimmer Film får produksjonsstøtte til dokumentarfilm om Aurora.

Av: Andris Hamre

Måndag blei det kjent at Flimmer Film får 1,8 millionar kroner i produksjonsstøtte frå Norsk Filminstitutt til dokumentarfilmen om Aurora.

Tidlegare har dei fått utviklingsstøtte frå mellomanna Vestnorsk Filmsenter, NRK og Norsk Filminstitutt. 

– Utviklingsstøtte er noko du gjerne frå når støttespelarane har tru på prosjektet, men gjerne vil sjå litt meir for å sjå kor bra det kan bli, forklarar produsent Thorvald Nilsen som saman med  regissørane Benjamin Langeland frå Os og Stian Servoss står bak filmen.

– Det at vi no får produksjonsstøtte frå Norsk Filminstitutt tyder på at vi har klart å vise dei og konsulent Helle Hansen at dette blir ein veldig bra film. Med denne støtte på 1,8 millionar nærmer vi oss å ha 80 prosent av finansieringa på plass, fortel Nilsen.

Falt pladask for Aurora

Nilsen fortel at det heile starta våren 2016.

– Stian Servoss kom då med ein idé. Han hadde sett ein video med Aurora og falt pladask. Han hadde lyst til å laga film om ho. Det var naturleg at Stian og Benjamin, som jo er osing, snakka saman om det og så ønska de å gjera det saman. Dei to utfyller kvarande kjempegodt, skryt Nilsen.

Planane blei presentert for mellom anna NRK som ønska å vera med og støtte prosjektet.

– Ikkje minst blei dei også presentert for Aurora og managementet hennar, som også likte ideen. Håpet er at vi skal bli ferdige og vise filmen på NRK i slutten av 2018, litt avhengig av når vi får resten av finansieringa på plass.

Har kjent Aurora lenge

Benjamin Langeland har kjent Aurora og familien hennar i mange år.

– Ho var jo elev hos mor mi (Patricia Langeland, danselærar på kulturskulen, journ.mrk), så eg blei kjent med henne og familien for fleire år sidan. Det har jo vore med på at vi har fått ein tilgang og ein nærheit til kvarandre. Vi passar godt på kvarandre, smiler Benjamin.

Samstundes er han glad han delar på prosjektet med Stian Servoss.

– Eg trur filmen har veldig godt av at vi er to. Ein som kjente Aurora frå før og på den måten er litt på innsida og ein som meir er styrt av nysgjerrighet og som ser det heile litt meir frå utsida. Det gjer at vi får ein fin dynamikk. Vi jobbar godt saman alle tre.

Får eit innblikk i popstjerne-livet

Så langt har dei fulgt og filma Aurora i over førti dagar, både i USA, Brasil, i studio og i Nidarosdomen i Trondheim, kor Aurora gjorde ein konsert som kjem på NRK i romjula.

– Vi blir jo nær, særleg når vi er på reise. Då er vi nesten som ein del av bandet og får smakt litt på popstjerne-livet.

– Korleis er det livet?

– Det er mangfoldig, men for eit vanvittig ansvar og mykje å leva opp til. Måten Aurora meistrer det er vanvittig beundringverdig. Måten ho ser menneskja, og fansen ho møter på er imponerande. Eg trur dei alle sit igjen med ei kjensle av å hatt ein betydningsfull oppleving, seier Langeland.

Glad i heltane frå Os

Filmen om Aurora blir den andre filmen Flimmer Film gjer i løpet av kort tid med ein osing i hovudrolla. Tidlegare i haust hadde dei premiere på «Mirakelet i Moldova» med Hans Bjørn Bakketeig.

– Ja, vi er glad i heltane frå Os, ler Thorvald Nilsen.

– I dette prosjektet er det i tillegg flott å ha med ein osing også bak kameraet.

– Korleis vil du beskrive Benjamin og jobben han gjer?

– Han er ein utruleg dyktig og engasjert regissør som har vore i Flimmer Film i 3 år no. Han har verkeleg vakse dei siste åra kor han har jobba med reklame og musikkvideoar, regissert dokumentaren «Motgangssupportaren» og klipt serien om «Asylbarna». Dette var eit perfekt prosjekt for Benjamin akkurat no. Saman med Stian, som har har jobba som fotograf på «Fjorden Cowboys» dei siste fire åra og no er regissør for den serien, så har det blitt eit utruleg bra team. Dei komplementerer kvarandre veldig godt. Vi er priviligerte som har dei to på same prosjekt, avslutter Nilsen.