Lokal | 10. mars 2016

Får 26 millionar til ny verkstad

Os vidaregåande skule får 26 millioner kroner til ny sveise- og hydraulikkverkstad og ombygging av maskinverkstaden.

Får 26 millionar til ny verkstad
Os vidaregåande skule får midler til å bygga ny sveise- og hydraulikkverkstad (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretorsdag 10. mars 2016 11:28

Utval for opplæring og helse har i møtet i dag gitt si tilslutning til at Os vidaregåande skule skal få 26 millionar kroner til ny sveise- og hydraulikkverkstad.

– Eit samrøystes utvalg har nettopp vedteke å løyve 26 millioner til bygging av nytt sveise- og hydraulikkverkstad samt ombygging av eksisterande maskinverkstad på Os VGS. Fantastisk!, skriv Emil Tetlie Brimsholm (H), som sit i utvalet, på facebooksida si.

Pålegg frå arbeidstilsynet

Bakgrunnen for prosjektet er eit pålegg frå arbeidstilsynet med krav om anna løysing for sveiseopplæringa på skulen. Eksisterande hydraulikkverkstad har òg ei utforming som ikkje tilfredsstiller nye krav til høgder og ventilasjon.

I ei sak i 2015 løyvde fylkesutvalet 4 millionar kroner til prosjektering, planlegging og mindre tiltak i terrenget. I den saka blei det òg vist til at skulen hadde behov for auka verkstadlokale og at det var behov for nybygg.

– Det er no innhenta anbod på bygging av nytt sveise- og hydraulikkverkstad samt ombygging av eksisterande maskinverkstad. Basert på innhenta anbud legg ein til grunn at prosjektet vil ha ein samla kostnad på 30 millioner kroner. Ein rår til at prosjektet blir fullfinasiert innanfor rammeløyvinga i 2016, og at det vert løyvd 26 millioner kroner til prosjektet, heiter det i innstillinga frå administrasjonen.

Totalt har fylkeskommunen satt av 100 millioner kroner til rehabilitering/ombygging og mindre tilbygg i 2016.

Endeleg avgjerd kjem i fylkesutvalet 17. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.