Lokal | 18. apr. 2018

Får 4,15 millionar til Hegglandsdalsvegen

Utval for miljø og samferdsel i Hordaland Fylkeskommune løyvde i dag 4,15 millionar til gang- og sykkelveg langs Hegglandsdalsvegen.

Får 4,15 millionar til Hegglandsdalsvegen
Realiseringa av g/s langs Hegglandsdalsvegen frå Hauge til Valle bru er eit steg nærare fullfinansiering (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 18. apr. 2018 14:18

I dagens møte i Utval for miljø og samferdsel (MISA) skulle politikarane fordela 20,77 millionar kroner som kom som ei ektraløyving over fylkesbudsjettet etter påtrykk frå fylkestinget i samband med budsjetthandsamlinga.

Midlane er ei tilskotsordning til trygg skuleveg og punktutbetring. Dette er tredje året på rad at fylkeskommunen gir dette tilskotet.

Søknader for 65 millionar

Innan søkandsfristen 7. mars var det kome inn 29 søknader frå 17 kommunar. Totalt hadde tiltaka ein totalkostnad på 137 millionar kroner og det blei søkt om 65 millionar kroner.

– Framlegg til fordeling av tilskotsmidlar er gjort i samarbeid med fagfolk innan trafikksikring hjå Statens vegvesen. Det har vore eit mål i denne saksutgreiinga å fremma fagleg gode trafikksikringstiltak som er kostnadseffektive og lar seg gjennomføra i 2018, og seinast i løpet av 2019, heiter det i saksframlegget frå administrasjonen.

Får nesten heile summen

Os kommune hadde søkt om 5 millionar kroner frå tiltakspotten til gang- og sykkelveg langs FV137 Hegglandsdalsvegen og 500.000 kroner til bytte frå kvikksølv til LED-lys i Lysefjorden/Drange.

I innstillinga frå fylkesadministrasjonen gjekk dei inn for at Os skulle få 4.150.000 kroner til gang og sykkelvegen langs Heggelandsdalsvegen, men ikkje til LED-lys i Lysefjorden.

Eigar sitt ansvar

Bakgrunnen for at ein ikkje vil løyve midler til LED-lysa er at fylkekommunen meiner det er eksisterande eigar som skal syte for at anlegget skal tilfredsstilla krava i gjeldande handbok.

– Ein kan difor stilla spørsmål ved om det er rett av fylkeskommunen å gi tilskot til byte av kvikksølvarmaturar, når dette er å rekna som eit lovfesta krav og ansvar som naturleg fell på eigar av veglysanlegga, heiter det i utgreiinga.

Bør realiserast i 2018

Når det gjeld tilskotet til gang- og sykkelvegen ser fylkesadministrasjonen viktigheiten av å gjera dette samstundes med Os kommune si oppgradering av VA-anlegget.

– Hegglandsdalsvegen er allereie prioritert hjå fylkeskommunen, då det ligg inne med midlar i Investeringsprogram for fylkesvegnettet. I området kjem det ny barneskule, tiltaket vert samkøyrt med eit VA-prosjekt som Os kommune har, og kommunen bidrar med 11 mill. kr. i eigendel til tiltaket. Av desse er 6 mill. kr. knytt til fundamentering og oppbygging av gang- og sykkelveg, og 5 mill. kr. er eit tilskot til tiltaket. Skal me dra nytte av samkøyringa med pågåande VA-prosjekt, bør me få realisert prosjektet i 2018. Dette vil gi fordelar i form av meir rasjonell anleggsdrift. Med tildeling vil det framleis mangla midlar for å sikra fullfinansiering. Me vil råda til at tiltaket vert tildelt midlar, men med ein reduksjon som gjer at me landar innanfor ramma for tilskotsordninga. Fylkesrådmannen vil koma attende til fullfinansiering av tiltaket i samband med sak om budsjettendringar i junitinget 2018.

Samrøystes

Gustav Bahus (Frp) fortel at saka først var oppe i fylkestrafikksikringsutvalet tysdag ettermiddag.

– Der blei administrasjonen si innstilling samrøystes tilrådd, før det i dag blei stadfesta i MISU, fortel Bahus på tekstmelding frå møtet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.