Næringsliv | 16. des. 2013

– Får ein mjuk start

Bildeserie: Dei omlag 20 borna som starta i Borgafjell barnehage måndag fekk ein mjuk start i fargerike og store omgjevnader.

– Får ein mjuk start
Styrar Stefan Aihonen visar fram kjøkenet som skal servera tre måltid for dagen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 16. des. 2013 12:39

Bildeserie:

Det var god grunn til å heisa flagget då Borgafjell barnehage opna måndag (foto: Andris Hamre)
Det var god grunn til å heisa flagget då Borgafjell barnehage opna måndag (foto: Andris Hamre)
Dei fire småbarnsavdelingane er samla rundt eit stort fellesareal (foto: Andris Hamre)
Dei fire småbarnsavdelingane er samla rundt eit stort fellesareal (foto: Andris Hamre)
Kvar av småbarnsavdelingane med eigne leikerom (Foto: Andris Hamre)
Kvar av småbarnsavdelingane med eigne leikerom (Foto: Andris Hamre)
Dukkene står klare og ventar på dei litt større borna (foto: Andris Hamre)
Dukkene står klare og ventar på dei litt større borna (foto: Andris Hamre)
Eit stort uteområde ventar på ungane (foto: Andris Hamre)
Eit stort uteområde ventar på ungane (foto: Andris Hamre)
Med sjørøvarskute og eigen ballbinge (foto: Andris Hamre)
Med sjørøvarskute og eigen ballbinge (foto: Andris Hamre)
Eigen brød og bensinstasjon og tunnell høyrer med (foto: Andris Hamre)
Eigen brød og bensinstasjon og tunnell høyrer med (foto: Andris Hamre)
Framfor husa kjem det gras, men det lyt venta til våren (foto: Andris Hamre)
Framfor husa kjem det gras, men det lyt venta til våren (foto: Andris Hamre)
1 av 8

Måndag opna Borgafjell barnhage dørene for drifta. Det blei ein litt rolegare start enn den dei hadde laurdag då dei heldt ope hus.

– I dag har vi 20 born som er innom i nokre timar for å bli kjent med barnehagen og få ei mjuk innkøyring, fortel styrar Stefan Aihonen.

Fullt hus på open dag

Laurdag inviterte han saman med personalet til ope hus for å vise fram den nye barnehagen på Hjelle.

– Det var veldig mange innom og blei ein hektisk laurdag.

– Her var dei som skulle byrje i dag med foreldre og besteforeldre, her var naboar som ville sjå korleis vi hadde fått det og blivande og nybakte foreldre som nok vurderar oss som eit alternativ etterkvart som barnet veks til.

– Vi hadde ein veldig kjekk dag, fortel Aihonen.

3 av 6 i drift

Då barnehagen opna for ordinær drift måndag tok dei i bruk 3 av dei seks avdelingane.

– Vi har starta med tre, og opnar opp dei andre etterkvart som barnehagen fyllast opp.

– No har vi ei storbarnsavdeling og to småbarnsavdelingar i sving, forklarar styraren.

Luftig med eigen kokk

Barnehagen er luftig med sterke fargar. Dei fire småbarnsavdelingane - Tussi, Nasse Nøff, Ole Brum og Sprett - er samla midt i bygget rundt eit stort fellesrom vegg i vegg med kjøkenet. På kvar sin ytterkant er Tigergutt og Ugla, for dei større borna, plassert.

– Mat og måltida er viktig for oss.

– DIfor har vi eige kjøken med eigen kokk som serverar tre måltid om dagen, kor av eitt av dei er varmt.

– Eg veit berre om ein anna barnehage som har det same, og det er den vi har i Steinsviken, smiler Aihonen.

Rakk det med god margin

På spørsmål om det har vore ein travel innspurt smilar styraren.

– Nei, eigentleg ikkje.

– Det har gått greit, kor det meste fall på plass i tide.

– Til og med ventilasjonen fekk vi i gang før ungane kom i dag.

– Det einaste som manglar er litt ute på leikeområdet. Det gjenstår å asfaltera ein liten sykkelveg, gjennom røra der ute blant anna.

– Du veit, når vi er på Vestlandet så må vi ha ein tunnell som ungane kan køyre gjennom.

– I tillegg må vi nok venta litt med å leggja graset, men det kjem, avsluttar Stefan Aihonen med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.