Sport | 16. juni 2017

Får han bomba i fanget?

NM Os - Fana: Sist laga møttest skapte han cupbombe i Oshallen. No kjem Erlend Lyssand tilbake, som trenar for Fana.

Får han bomba i fanget?
Erlend Lyssand var trenar for Osdamene då dei slo ut Fana i NM i 2013. No kjem han tilbake til ny NM-kamp, som trenar for Fana (bilde frå sist laga møttest: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 16. juni 2017 14:02

Då Os og Fana møttest i cupen, i 2013, slo Os sensasjonelt ut Fana etter å ha snudd kampen frå 8-13 til 20-17.

Då satt osingen Erlend Lyssand på Osbenken som trenar. No er han inne i sin fjerde sesong som trenar for 1. divisjonslaget Fana og skal freiste å unngå ein ny cupsmell når Os tek imot Fana i første NM-runde.

– Det blir veldig kjekt å komma tilbake til Oshallen. Det er alltid veldig hyggelig, så får vi førebu oss så godt at det ikkje blir ei reprise frå sist, ler Lyssand på telefon frå Fana sin treningsleir kor dei i ettermiddag speler mot eliteserielaget Sola.

Unge favorittar

Fana har gjort det skarpt etter at dei rykte opp til 1. divisjon og kjempa i fjor lenge om opprykket til eliteserien, men enda til slutt på 4. plass.

– Vi har mista eit par spelarar til Tertnes og fått påfyll av nokre yngre spelarar, så vi er eit ungt lag, men jentene trener godt, så vi går inn i sesongen med mål om å gjera det minst like bra som i fjor.

– De må vel kunne reknast som favorittar mot Os, korleis takler dei unge jentene det?

– Ja vi er nok det. Det stempelet må vi berre takle i den kampen der. Sjølv om dato for kampen ikkje er satt, så kjem den berre ei vekes tid før seriestart borte mot Arendal, så vi skal vera topptrente og fullt skjerpa.

– NM-kamp mot Os blir ein fin oppkøyring til sesongstarten, avslutter Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.